Eksamenar blir avlyste i grunnskulen og på vidaregåande

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet onsdag.

– Elevane vil få vitnemål sjølv om det ikkje blir skriftleg eksamen i år, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Guri Melby er stortingskandidat for Venstre. Foto: Venstre

– Ikkje øydeleggje for elevane

– Det er viktig for meg at denne situasjonen ikkje skal øydeleggje for framtida til elevane. Eg veit at mange elevar har vore stressa og usikre på om dei må ta eksamen eller ikkje. Som lærar veit eg at det er viktig at elevar og lærarar får avklaring så tidleg som mogleg, held Melby fram.

Ho meiner at ved å avlyse skriftlege eksamenar får lærarane betre tid til å drive undervisning og å gjere ei god sluttvurdering.

Departementet trekkjer fram at skriftlege eksamenar i grunnskulen og vidaregåande opplæring mange stader er store arrangement der mange personar møtest fysisk i same lokale – og det kan ikkje sameinast med råda frå helsestyresmaktene.

Privatistar, lærlingar og munnleg

Kunnskapsdepartementet jobbar vidare med løysingar for privatistar og lærlingar.

– Vi prøver no å finne gode løysingar for privatistane, slik at heller ikkje dei skal hamne bakpå i utdanninga. Mitt soleklare mål er at privatisteksamen skal gjennomførast, dersom det er mogleg innanfor råda frå helsestyresmaktene, seier Melby.

Munnleg eksamen i vidaregåande skule er det enno ikkje teke ei avgjerd om. Den avgjerda blir teken etter påske. Der ønskjer statsråden ein dialog med fylkeskommunane, sidan dette er ein eksamen som blir gitt lokalt.

Imponert over lærarar og elevar

For å få vitnemål må alle ha fullført opplæringa og stått i faga. Det er ein føresetnad at alle elevar skal få eit opplæringstilbod medan dei er heime, slik at lærarane får eit godt grunnlag for å vurdere innsatsen til elevane, heiter det frå Kunnskapsdepartementet.

– Eg er imponert over korleis både lærarane og elevar har kasta seg rundt for å halde skulekvardagen i gang sjølv om skulebygga er stengde. Eg har vorte kontakta av fleire lærarar som fortel om kor godt og sjølvstendig elevane jobbar, jamvel om skuledagen er svært annleis. No er det viktig for meg å gjere det enklast mogleg for lærarane og elevane. Derfor flyttar vi fokuset frå eksamen over på undervisninga og opplæringa for elevane, seier kunnskaps- og integreringsminister Melby.

Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NP