Russelandstreffet «Kongeparken» er avlyst

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Lund Gruppen som har teke avgjerda om å avlyse eitt av dei mest populære russetreffa, som skulle hendt 8. til 10. mai i Kongeparken.

– Omsynet til helse og tryggleik veg tyngst akkurat no, og det smertar oss at Landstreff Stavanger må avlysast, seier Aasmund Lund, pressetalsperson for arrangementet.

Ikkje forsvarleg

Landstreff Stavanger har følgt utviklinga og spreiinga av koronaviruset tett, og har sett på moglege smittereduserande tiltak saman med offentlege styresmakter.

Slik situasjonen er no, vil det ikkje vere forsvarleg å gjennomføre eit slikt arrangement, skriv Lund Gruppen i pressemeldinga.

– For Landstreff Stavanger er tryggleiken og helsa til gjestene våre, frivillige og medarbeidarar den viktigaste prioriteten vår. Derfor stiller vi oss bak dagens avgjerd frå Gjesdal kommune og kommunelegen om å avlyse Landstreff Stavanger, seier Lund.

Kjende artistar som Lil Pump, Young Thug og Martin Garrix var nokre av artistane som skulle spele på russetreffet.