Praksisreglane i høgare utdanning blir meir fleksible

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Koronaviruset har snudd opp ned på kvardagen òg til studentane, utbrotet gjer det mellom anna vanskeleg for ein del studentar å få gjennomført praksisperioden sin som planlagt.

Smittefarleg praksis

Nokre praksisstader har no stengt på grunn av smittefare, som til dømes barnehagar og skular. Dagens situasjon gjer det òg utfordrande for ein del universitet og høgskular å innfri krava som blir stilte til rett mengd og type praksis, til rett tid.

– No endrar vi reglane mellombels, slik at flest mogleg ikkje blir forseinka i utdanninga si, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Mellom anna kan universiteta og høgskulane no fastsetje mellombelse tiltak og unntak som dei definerer som «forsvarlege og nødvendige». Endringane skal ikkje gå på kostnad av kva studentane lærer.

– Det er viktig at dei har nødvendig kompetanse for den jobben dei skal ut og gjere.

NSO: – Flott at regjeringa gjer regelendringar

Den mellombelse endringa gjeld for dei utdanningane som er regulerte gjennom rammeplanar eller nasjonale retningslinjer, til dømes sjukepleiarutdanningane og lærarutdanningane.

Norsk Studentorganisasjon (NSO) er positiv til regelendringane.

– Vi synest det er veldig flott at regjeringa gjer regelendringar og gir universiteta og høgskulane den fleksibiliteten til å gjere faglege vurderingar på korleis ein kan legge opp vidare studieløp for studentar som mistar praksis, slik at dei får moglegheita til å fullføre studiane sine, seier leiar i NSO, Marte Øien.

Les også: Permitterte studentar får ikkje dagpengar

NSO-leiar Marte Øien. Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold