Common Side Effects: – Ein hypnotiserande cocktail
Den nyaste animasjonsserien frå Adult Swim er utruleg spanande og morosam på same tid, ifølgje meldar Ola Birgitsønn Vik.

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.
Meldinga er basert på dei fyrste fire episodane.
Adult Swim held fram med å produsere det kulaste innan animasjon for vaksne. Seriar som Smiling Friends overraska med å tøye grensene rundt animasjon; alt er lov så lenge det er artig eller spennande å sjå på.
Common Side Effects går i ei anna retning, meir subtil og naturtru. Det endar opp i ei unik og hypnotiserande stemning, som er utruleg spanande og morosam på same tid.
Common Side Effects (sesong 1)
Episodar: 10
Episodelengde: 22 min
Sjanger: Animasjon, drama, komedie
Serieskaparar: Joseph Bennett, Steve Hely
Kvar: Max
«Blue Angel»
Marshall er ein raring i 30-åra. Han går med shorts og solhatt og ei ikonisk rosa skjorte som alltid er open. Han har ei skjelpadde som heiter Mr. Socrates.
Han er også ein talentfull soppforskar, og han har akkurat gjort hundreårets oppdaging. Midt i det djupaste Peru, i ein dal i akkurat passe høgd og med akkurat rett fukt, fann han den: mirakelsoppen «Blue Angel».
Frances har ikkje snakka med Marshall sidan ungdomsskulen. Ho har nok å halde styr på elles. Ho er assistenten til sjefen for ei stor og umoralsk bedrift som sel medisin, ho er saman med Nick, som er ein idiot, og mora hennar er senil. Ved ein tilfeldigheit møter ho Marshall, som viser ho kva denne soppen kan gjera. Det er nemleg ein mirakelkur som kan kurere alle sjukdommar i heile verda. Og det er mange som vil ha tak i denne utrulege krafta.
Som ein Cohen-film
Dette er eit skikkeleg spennande utgangspunkt! Marshall kan aldri føle seg heilt trygg. Han reiser rundt og prøver å finne vener og nokon som kan hjelpe han med å dyrke soppen og spreie mirakelmedisinen, men det er alltid nokon som har han i siktet. Politiet, dei som tenar pengar på at folk er sjuke, og andre soppfanatikarar blir tulla inn i eit herleg nettverk og ein skikkeleg intens «katt og mus»-leik.
Det som overraska meg mest var stemninga. Serien balanserer mellom komedie og drama, og endar opp med å vere noko ganske unikt, noko som har litt av alt. Ofte minner serien meir om ein Cohen-film enn ein Adult Swim-serie.
Animasjon for vaksne har dei siste åra vore prega av at karakterane pratar på ein «Rick & Morty»-aktig måte, som kanskje er den mest populære Adult Swim-serien som er laga. Dei stammar, seier ting feil og rapar midt i setningar for humoristisk effekt.
Common Side Effects bruker den same kvardagslege og munnlege tilnærminga til stemmeskodespel på ein ny og forfriskande måte. I staden for å gjere det som ein vits, brukar dei det for å sette historia. Handlinga som på papiret verkar absurd og tullete blir intens gjennom korleis karakterane reagerer på ein måte me kan kjenne oss igjen i.
Hypnotiserande cocktail
Alle folka ser rare ut. Hovuda er for store for kroppen, andleta for små for hovudet. Alt er nesten riktig, men ikkje heilt. Det kan sjå litt ut som når ein prøver å lage ein Mii av ein ven på Wii, men ein ikkje får det heilt til. Det er noko skikkeleg fengande med å sjå slike «nesten-menneske» bevege seg slik dei gjer. Dei har like stor tyngd og er like smidige som om dei skulle vore ekte skodespelarar. Designet på karakterane gjev heile serien ein ny dimensjon, som verkeleg rettferdiggjer at dette er animert og ikkje filma med eit kamera.
Landskapa er utruleg vakre. I ein serie som tek føre seg spørsmål knytt til miljøbevaring, hjelper det med storslegne skildringar av fjella i Peru, yrande dyreliv i sumpar i Amerika og vakre parkar i byane.
Eg har fått eit skikkeleg godt inntrykk av serien. Blandinga av det intense og spennande med det morosame og kvardagslege blir ein heilt hypnotiserande cocktail som eg gler meg til å sjå meir av.