Venstre i kaos etter Grandes sorti

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grande overraska partifellane onsdag ved å seie at ho går av som Venstre-leiar og kunnskapsminister og heller ikkje ønsker attval til Stortinget i 2021.

– Gjennom helga har eg komme til at det beste er at nokon andre slepp til, sjølv om eg ikkje veit kven det er, seier Grande til VG, som kom med nyheita om avgangen.

Mange i Venstre har ønskt at Grande skulle bytast ut som partileiar, men partiet har vore splitta når det gjeld kven som burde etterfølgje henne. No stadfestar valkomiteen overfor NTB at ho tar opp arbeidet på nytt.

Verken Raja eller Rotevatn – som vart innstilt som nestleiarar sist veke – eller noverande første nestleiar Elvestuen ville onsdag seie om dei ønsker seg leiarvervet. Det er heller ingen av dei som har utelukka å ta på seg oppgåver i leiinga.

Kven trur du tek over som Venstre-leiar?

Kven trur du tek over som Venstre-leiar?

Abid Raja2
Sveinung Rotevatn18
Ola Elvestuen2
Iselin Nybø7
Nokon andre4
Bryr meg ikkje18
Svar totalt: 51

 

Raja: Trist

Raja seier det er trist at Grande ikkje fekk ein meir verdig avgang, og ber no partifellane om å roe seg ned.

– Fleire må gå i seg sjølv om korleis dei har opptredd dei siste vekene. Vi har alle eit forbetringspotensial. Eg trur vi må strekke oss djupt og hente det forbetringspotensialet som vi har, seier kulturministeren.

Rotevatn vil heller ikkje seie noko om eventuelle eigne leiarambisjonar, men understrekar at Venstre må finne saman. Dei siste månadene har vore krevjande for partiet, konstaterer han.

– Dagen i dag er ikkje ein dag for å lansere leiarkandidatur, seier klima- og miljøministeren.

Abid Raja t.v og Sveinung Rotevatn før Venstres landsmøte i Ålesund i 2017. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Planla å sitje i eitt år til

Grande informerte tidleg statsminister Erna Solberg (H) om tankane sine, men har elles i stor grad halde prosessen for seg sjølv. Onsdag vart stortingsgruppa og valkomiteen informert.

– Eg gjorde eit forsøk på å samle Sveinung og Abid slik at vi kunne jobbe saman som eitt team. Då kunne eg eventuelt sitje som partileiar i eitt år, sjølv om eg vart vald for to år – og få til den overgangen litt meir smidig enn det ligg an til no, seier ho til VG.

Avgjerda om å trekke seg tok Grande berre eit par dagar etter at valkomiteen samrøystes innstilte på at ho skulle halde fram som partileiar med dei to utfordrarane som nestleiarar. Kritikken spakna ikkje, innstillinga vakte lita begeistring i fylkeslaga og det kom nye avsløringar i media om detaljar i prosessen.

– Var villig til å gå

Grande er tydeleg på at det ikkje var slik ho ønskte å forlate posten, men ho så ikkje lenger nokon annan utveg.

Det vakte mykje oppstuss at Elvestuen på nyåret måtte gå som klima- og miljøminister for å gjere plass i regjeringa til Grandes to fremste utfordrarar, Raja og Rotevatn.

Ikkje minst kom det uvanleg hard kritikk frå Elvestuen sjølv, som gjekk ope ut med skuldingar om at Grande først og fremst lytta til seg sjølv for å sikre sin eigen posisjon. Han ville førre veke heller ikkje sjå bort frå at han kunne utfordre Grande i ei kampvotering om leiarposisjonen.

Ola Elvestuen kritiserte Trine Skei Grande for å først og fremst lytte til seg sjølv for å sikre sin posisjon. Ynskjer han leiarvervet i Venstre, no når Skei Grande går av? Arkivfoto: Bente Kjøllesdal

Fleire kandidatar

Raja og Rotevatn har hyppigast vore nemnt som mogleg arvtakar for Grande, men namn som Iselin Nybø, Guri Melby, Alfred Bjørlo og Trine Noodt har òg vore oppe i samband med leiarkabalen.

Etter Grandes avgang overtar næringsminister Iselin Nybø ansvaret for arbeidet til partiet og deltaking i regjeringa fordi ho har lengst fartstid av Venstres statsrådar. Det betyr at Nybø skal leige Venstre i forhandlingane om statsbudsjettet for neste år i neste veke.

Statsminister Erna Solberg (H) synest det er leit at Grande går av.

– Eg vart informert om avgjerda måndag, seier ho.

Anders Ravik Jupskås er nestleiar ved Senter for ekstremismeforskning ved Universitetet i Oslo. Foto: Eirik Tangeraas Lygre