Forskar om Sps «nye vending»: – Ein tenkte ikkje på Sp som eit populistisk parti før Vedum

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I heile Europa har det vore ei tydeleg auke i førekomsten av populisme sidan 1980-talet, og aller mest høgrepopulisme. Det blir gjerne forklart med at politikarar har blitt ansvarlege, men ikkje mottakelege – «responsible», men ikkje «responsive». Det er for mange samfunnstrendar som rullar og går utan at nokon ser ut til å ville gjere noko med dei. Det gjeld alt frå ulikskap og innvandring til europeisk integrasjon og klimautfordringar.

Det seier populismeforskar Anders Ravik Jupskås, nestleiar ved Senter for ekstremismeforskning (C-Rex) ved Universitetet i Oslo.

Spesielt dei siste fire åra har bruken av omgrepet eksplodert. Tal frå Retriever viser at norske medium nytta ordet 415 gonger i 2015, 1107 gonger i 2017 og 979 gonger i 2019. Men nøyaktig kva omgrepet betyr er ikkje like klart for alle.

Hovudkjenneteiknet er at populistar konstruerer eit skilje mellom ein røyndomsfjern, naiv, korrupt, uærleg og maktsjuk elite på den eine sida, og vanlege folk som ikkje blir høyrd eller representert på den andre.

– På eine sida har omgrepet blitt brukt synonymt med uansvarleg politikk, for veljarfrieri, og for å berre ville gjere det som er populært. Å ville bevare lokale fødestover sjølv om kvaliteten blir betre med større fagmiljø vil enkelte kalle populisme.

– På andre sida blir ordet brukt nesten synonymt med opportunisme – å snu kappa etter vinden, følgje veljarane, ikkje stå for noko sjølv. Så har ein også element av ei tredje forståing av populisme, som inneber ein slags «pubspråk», der ein snakkar vulgært, uraffinert, og kallar ein spade for ein spade. Mange ser slike politikarar som populistar, fortel Jupskås.

By og land, mann mot mann

– I faglitteraturen har populisme ein annan betydning. Hovudkjenneteiknet er at populistar konstruerer eit skilje mellom ein røyndomsfjern, naiv, korrupt, uærleg og maktsjuk elite på den eine sida, og vanlege folk som ikkje blir høyrd eller representert på den andre. Kvar einaste konflikt blir presentert i denne ramma av folket mot eliten.

Recep Tayyip Erdoğan er Tyrkias president. Foto: Wikipedia

Den tyske filosofen Jan-Werner Müller har derimot definert populisme noko annleis. Han meiner ikkje det avgjerande er å setje folket opp mot eliten, men antipluralismen: Populisten hevdar at ho, og berre ho, er ein legitim representant for folket. Alle andre er illegitime, og populismen får med det ein klart antidemokratisk karakter.

– Etter Müllers definisjon blir det berre plass til autokratar som Erdogan, Chavez og Trump, og ikkje til dei som bruker populisme frå tid til annan. Kva skal ein då kalle det Frp har drive med? Kva skal ein kalle Sps nye vending, der det ikkje lenger er by og land hand i hand, men by mot land? By og land, mann mot mann?

– Konstruerer eit skilje mellom dei med legitim og illegitim interesse i ulike saker

– Eg meiner vi kan snakke om mjuk og hard populisme. Vedum gjer narr av byråkratar på el-sykkel som skal meine noko om ulv, og konstruerer eit skilje mellom dei med legitim og illegitim interesse i ulike saker. Det er nesten slik at kaffe latte-folka ikkje har ein rettmessig plass i debatten, seier Jupskås, som meiner dette er populisme, men ikkje heilt kvalifiserer som antipluralisme.

– Det er kanskje ein slags mjuk antipluralisme, seier Jupskås.

– Kva legg du i Sps «nye vending»?

– Med det siktar eg til den aukande tendensen til å karikere til meiningsmotstandarar – byråkratar på el-syklar, eller meiningselite som et høge smørbrød –, ein todeling av den politiske konflikten – bygd mot by – og iscenesetjing av seg sjølv som «folket» sine representantar. I ulvedebatten har for eksempel den todelinga vist seg å ikkje stemme.

Element av populisme i Raudt, SV, Frp og Sp

– Kan den norske populismen vere ei fare for demokratiet? 

– Demokrati kan vere så mangt. Populismen kan nok vere ei utfordring for det liberale demokratiet, der det er avgrensingar på kva fleirtalet kan finne på, og mindretalet ikkje skal audmjukast. Populismen har ei ibuande karakter av å ville bygge ned desse avgrensingane – fleirtalet skal bestemme, forklarar Jupskås.

– Samstundes kan populistar bidra til større meiningsmangfald, og at bestemte grupper blir betre representert. Ein ville tenkt at det var eit problem dersom kapitalisme-motstand eller innvandringsskepsis ikkje var representert på Stortinget. Men ein ville også sett det som problematisk dersom alle på Stortinget hadde høgare utdanning.

Jupskås har skrive forordet til boka «Populisme» av Cas Mudde og Cristóbal Kaltwasser, og slår fast at det er tre norske parti som har populistiske element i sine prinsipprogram: Raudt, SV og Frp. Medan Raudt og SV har trekk av anti-elitistisk populisme, ber Frp agg til politikarar og meiner fleirtalet bør få meir makt.

– Ein tenkte ikkje på Sp som eit populistisk parti før Vedum

Men det er store skilnadar mellom populismen til Raudt og SV.

– Lysbakken og Moxnes snakkar om velferdsprofitt på heilt ulike måtar. Moxnes snakkar om den økonomiske eliten med sugerør ned i statskassa. Lysbakken snakkar berre ikkje slik. KrF har alltid vore imot sekularisering, men har sjeldan ramma det inn som ein konflikt mellom folket og eliten. Men Listhaug har element av dette, fortel Jupskås, som påpeiker at SV likevel har det populist-inspirerte slagordet: «For de mange, ikke for de få».

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har tatt partiet sitt langt i populistisk retning, ifølgje forskar. Foto: Senterpartiet/Flickr/CC BY 2.0

Senterpartiet har ikkje populisme i prinsipprogrammet, men er likevel blant partia som mest hyppig blir kategorisert som populistiske.

– Ein tenkte ikkje på Sp som eit populistisk parti før Vedum. I alle fall ikkje etter folkerøystinga i 1994. Men Solberg-regjeringa stod for ein sentraliseringspolitikk som gav nytt liv til konflikten mellom sentrum og periferi. Samstundes er denne konflikten del av ein større trend i Europa – særleg i Norden, Frankrike og England.

– Media bygger opp under politikarforakt

I takt med at vi har fått stadig fleire populistiske parti og politikarar, har det blitt lansert ei rad ulike forklaringar på populismens framvekst. Men kva seier forskaren?

– Dette er nisjepartia sin høglytte protest mot styringspartia sin manglande evne til å ta tak i det mange opplever som vår tids store utfordringar. Samstundes greier ikkje dei store partia å absorbere protestrørslene, delvis fordi partia ikkje lenger kontrollerer dagsorden. Dei har mista kontrollen over media, og desse nye media bygger opp under politikarforakt.

Jupskås meiner media har blitt stadig meir opptekne av å avsløre mislukka politikk og maktmisbruk, og å skildra erfaringane til «vanlege folk». Det er ikkje gale i seg sjølv, men passar perfekt inn i populismens narrativ om konflikt mellom folket og eliten.

Eliten er på bærtur, lik og del!

– Kor mange saker har det ikkje vore i Aftenposten om reiserekningar? Journalistyrket har blitt prega av ein eigen ideologi – «journalismen» – der ein skal avsløre elitens maktmisbruk. Media er vårt vindauge til verda, og sentralt for vår fortolking av samfunnet. No har det blitt meir tabloid, kjensleladd, forenkla og konkret.

– Det er noko rart med dette, for journalistar røyster jo ikkje på populistiske parti i det heile tatt, men journalistikken deira er med på å stadfeste populistane sitt verdsbilde, fortel Jupskås.

– Samstundes gjer sosiale medium at populistar kan nå direkte ut til folk. Eliten er på bærtur, lik og del!

Krise!

Ei av hovudforklaringane på populismens framvekst er kriser. Folk i ein desperat situasjon er tilsynelatande meir opne for radikale løysingar. Men fleire av dei mest kriseråka landa – Irland, Spania, Portugal, – er ikkje dei som har opplevd mest populisme. Handlar det kanskje vel så mykje om politikarskapte kriser som faktiske kriser?

For høgrepopulistar var det like skremmande med naboen. Nordmenn følte seg vel så råka som svenskane av at Sverige tok imot mange flyktningar.

Matteo Salvini var fram til i haust innanriksminister i Italia for det sterkt høgrepopulistiske partiet Ligaen. Foto: Presidenza della Repubblica

– Kriser må alltid fortolkast. Og nokre av dei største protestane kom òg i land som var råka. På Island vann komikaren Jon Gnarr kommunevalet i Reykjavik med løfter om gratis håndklær i svømmehallen, større taxfree og isbjørn i dyrehagen. I kriseråka Italia kom komikaren Beppe Grillo sitt populistiske parti Femstjernerørsla til makta.

– Andre stader blei ikkje-kriser fortolka som kriser. I Finland såg ein for eksempel at Sannfinnane vaks fram fordi finnar trudde dei måtte betale rekninga til grekarane.

– Alle var kanskje ikkje like råka av flyktningkrisa, men for høgrepopulistar var det like skremmande med naboen. Nordmenn følte seg vel så råka som svenskane av at Sverige tok imot mange flyktningar. For MDG blir ikkje alvoret i klimakrisa mindre av at Norge ikkje er spesielt hardt råka.

Er populismen på hell?

Det er ikkje berre kriser som gir grobotn for populisme. Korrupsjon og ideologisk konvergens er andre teoriar om kvifor populistar vinn fram. Korrupsjon er truleg ikkje så aktuelt i norsk samanheng, men kan det henda at populismen har vakse fram fordi partia har blitt for like?

– Opphavleg vaks Frp fordi Høgre hadde heva skattane meir enn Gerhardsen gjorde før dei.  Seinare har det handla mykje om at Høgre og Arbeidarpartiet har blitt like i innvandringspolitikken, seier Jupskås.

Det å ta over sakene til populistpartia er som å pisse i buksa når det er kaldt, dels fordi ein sel den ideologiske sjela si.

Mange har skildra populismen som eit mellombels fenomen. Krisa ville til slutt gå over, veljarane ville gå tilbake dit dei kom frå, og ting ville bli som før. Så fort etablerte parti som Ap og Høgre tilnærma seg Frp sin innvandringspolitikk ville grunnlaget for Frps oppslutning svinne hen. Det ser ikkje ut til å vere tilfellet, verken i Norge eller andre stader.

– Det å ta over sakene til populistpartia er som å pisse i buksa når det er kaldt, dels fordi ein sel den ideologiske sjela si. Veljarane kjem kanskje tilbake for ei stund, men på lengre sikt føretrekk dei gjerne originalen framfor kopien.

– No ser ein over heile Europa at populistparti blir etablerte nisjeparti, og nesten alle med mellom 13 og 17 prosentpoeng oppslutning. Populistene har kome for å bli, men kanskje har dei allereie nådd toppen, spekulerer Jupskås.

«Revolusjonen spiser sine barn»

Men korleis skal ein framstille seg som partiet for folk som ikkje blir høyrd eller representert etter årevis i regjering? Kan ein framleis representere det utestengde, knebla og ekskluderte folket når ein styrer landet?

Tidlegare statsråd og Frp-politikar Per Sandberg gav nyleg ut boka «Mot min vilje». Denne typen politikar, som etter eige utsegn motvillig går inn i politikken på vegne av folket, blir det stadig færre av i både Framstegspartiet og andre populistiske parti, ifølgje forskar. Foto: Framstegspartiet/Flickr/CC BY-ND 2.0

Revolusjonen spiser sine barn. Etablerte populistparti står i fare for å miste autentisitet og skalle av i nye, meir autentiske populistparti når dei blir del av eliten sjølv, blir profesjonaliserte og mister eigenarten sin – som var det som appellerte i utgangspunktet.

– Det er klare tendensar til dette i Frp òg. Er det rebelsk aktivitet igjen, eller er ein blitt for glad i å køyre svarte bilar? Ein får ein heilt annan type folk inn i partiet når ein sit ved makta. Og normalisering av ytre høgre resulterer i fragmentering, slik som i Danmark, der ein no har ei rad høgrepopulistiske parti som konkurrerer om å vere reine og ranke.

Folket, det er meg

– Korleis kan eit parti med 10 prosentpoeng oppslutning hevda å representera folket?

– Ei løysing på det er å seie at mange ikkje tør å gi uttrykk for det dei meiner, og spele på den undertrykte, stille majoritet. Men ofte er det ikkje partia, men sakene dei står for som har betydeleg oppslutning. I saker om privatisering kan Raudt ramme inn bodskapen sin med at dei har folket på si side, fordi mange er imot privatisering.

– Eventuelt kan ein redefinere folket. Folket er berre dei som blir råka av ulven, og blant dei har ein kanskje fleirtal, avsluttar Jupskås.