Nesten alle universitet og høgskular stenger
Dei fleste universiteta og høgskulane i Noreg har avlyst all undervisning og stenger på grunn av koronaepidemien.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette inkluderer alle universiteta. Fleire av dei hadde allereie byrja å trappe ned.
«All normal undervisningsaktivitet ved Universitetet i Oslo skal opphøre fra fredag 13. mars 2020. Fra i morgen skal undervisning gis digitalt. Det har universitetsledelsen bestemt», skriv Uniforum om UiO.
Enkelte universitet og høgskular avlyser i første omgang ut denne veka. Dette gjeld Universitetet i Agder, Nord universitet, og Høgskolen i Østfold. Andre avlyser undervisninga på ubestemt tid.
Akkurat no sit alle rektorar ved høgare utdanningsinstitusjonar i møte med høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H). Høgskulen i Molde fortel NTB at dei ventar med å publisere nye tiltak til dette møtet er over.
- Les også rådet frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap: Ha litt ekstra av det viktigaste du treng for å klare deg.
Sjå lista over kva ein bør ha i beredskapslager her!