Ber universitet og høgskular vurdera alternativ undervisning og eksamen
Kunnskapsdepartementet ber universitet og høgskular planleggja for ulike korona-scenario slik at studentane får det faglege innhaldet dei treng.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er viktig at vi gjer det vi kan for at studentar ikkje blir forseinka i utdanninga på grunn av virusutbrotet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Ifylgje departementet har universitet og høgskular sjølve i utgangspunktet handlingsrom og ansvar til å bestemma korleis undervisning og eksamen skal gjennomførast.
– Det betyr at universiteta og høgskulane må sjå på alternative måtar å gjennomføra undervisning, eksamen og praksis på. Viss det ikkje er mogleg å samla studentar i større lokale slik ein vanlegvis gjer, kan heimeeksamen eller munnleg eksamen over Skype vera eit alternativ, seier statsråden.
Ber universitet og høgskular setje ned krisestab
Han seier at departementet i samarbeid med sektoren vil vurdera om det er behov for gjera mellombelse tilpassingar i regelverket eller andre tiltak dersom studentane får problem med å gjennomføra praksisperiodar, obligatorisk undervisning eller eksamen.
Kunnskapsdepartementet ber vidare om at universitet og høgskular set ned krisestab for å handtera virusutbrotet, og at dei kvar veke leverer rapport over talet på smitta, kor mange som i karantene og korleis virusutbrotet påverkar undervisninga, gjennomføringa av eksamen og drifta generelt.
- Fekk du med deg denne? Tal frå utdanningsinstitusjonane viser at det løner seg å klage på karakterane!