Frp vil ha eggdonasjon og assistert befruktning

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På ein pressekonferanse på Stortinget onsdag, sa Framstegspartiet sin helsepolitiske talsperson, Åshild Bruun-Gundersen, at dei ynskjer ei meir liberal bioteknologilov, melder NPK.

Frp meiner at staten ikkje skal setje avgrensingar for kva val familiar og enkeltpersonar kan ta, og vil tillate assistert befruktning for einslege i tillegg til eggdonasjon på lik linje med sæddonasjon.

– Vi har no ei historisk moglegheit til å tillate eggdonasjon i Noreg. Eg har gledd meg til å fremje dette forslaget, seier Bruun-Gundersen.

Frp ynskjer:

  • Å tillata eggdonasjon på lik linje med sæddonasjon.
  • Å oppretta gentesting av befrukta egg (PGD – preimplantasjonsdiagnostikk) i Norge og avvikla nemndene for dette. I dag får ein kun innvilga dersom i spesielle tilfeller ved alvorleg arveleg sjukdom.
  • Å tillata tidleg ultralyd til alle kvinner.
  • Å tillata NIPT-test til alle kvinner. Denne typen fosterdiagnostikk kan avdekka moglege kromosomfeil – som til dømes Downs syndrom – heilt frå veke ni i svangerskapet.
  • Å tillata assistert befruktning for einslege.
  • Å tillata mitokondriedonasjon (DNA vert overført frå ei anna kvinne til egget, noko som gjer at eit barn kan ha to genetiske mødre, men der 99,8 prosent av arvematerialet kjem frå ei av dei)
  • Å tillata lagring av befrukta egg på ikkje-medisinsk grunnlag.

Vil ikkje ha strengare lover enn andre

Etter at Krf vart med i regjering, fekk dei vetorett på alle ytterlegare endringar innanfor bioteknologi som ein del av Granavolden-plattforma, etter at dei fire partia hadde blitt samde om enkelte liberaliseringar.

Men i januar gjekk Frp ut av regjeringa, og har sagt at dei ikkje lenger vil ta omsyn til regjeringsærklringa når dei skal stemma.

Lova har ikkje blitt endra betydeleg sidan 2004, og Frp meiner ho er overmoden for endringar. Eit argument er at Noreg ikkje skal ha strengare lover enn andre land som er naturlege å samanlikna seg med.

Kan bli fleirtal for eggdonasjon

Venstre, Frp, Ap og SV har lenge vore for eggdonasjon. Høgre vedtok også for to år sidan at dei er for, men har ikkje hatt moglegheit til å stemme for det på grunn av regjeringssamarbeidet med Krf.

Med Frp ute av regjeringa, kan Ap, SV og Frp få fleirtal åleine på Stortinget.

Onsdag sende Bruun-Gundersen ein invitasjon om eit forlik til Ap, SV og Venstre, melder VG. Ho skriv mellom anna:

«Jeg håper dere ønsker å være med på denne historiske muligheten for å liberalisere bioteknologiloven.»

Dimed ligg det an til fleirtal på Stortinget for å tillata eggdonasjon.

Endringane i bioteknologilova ligg no til behandling i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Partia har frist til 26. mars med å fremje forslag til endringar.

Mora til dei to gen-redigerte jentene fekk prøverørsbehandling. Foto: Colourbox