Avviser at menn blir overflødige i framtida

Kunstige sædceller og ny teknologi vil tvinga fram debatt om kunstig befruktning, seier forskar.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Måten menneske reproduserer på har endra seg, skriv Anna Smajdor, fyrsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Oslo i ein epost til Framtida.no.

Smajdor har forska på dei etiske og lovmessige konsekvensane av å lage egg- og spermceller på laboratoriet.

– Lite sannsynleg
Tidlegare har Framtida.no fortalt om ei fransk forskargruppe som påstod å ha laga menneskelege spermceller i laboratoriet. Dei potensieelle konsekvensane av desse resultata er at menn vert overflødige i prosessen med å lage born.

– Nye vitskaplege gjennombrot gjer at vi kan strekke eller fjerne dei biologiske avgrensingane for korleis vi reproduserer. Vi kan endre på kven som reproduserer, og kven vi gjer det saman med. Desse nye resultata er endå eit steg på den reisa, skriv Smajdor.

Professor Øystein G. Holter ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO meiner debatten ikkje er ny, sjølv med dei nye forskingsresultata. Han trur ikkje menn vert overflødige i framtida.

– Spekulasjonar om at menn eller kvinner vert overflødige, er veldig lite sannsynleg, svarar han i ein epost.

Kjønnsroller i endring
– Forventingane til menn har endra seg på mange måtar, deriblandt kjønnsrollene, fortsett han.

Menn er no forventa å bidra endå meir til familielivet og oppdraging av borna dei er med på å lage.

– Menn har kome kvinner meir i møte, både når det gjeld arbeidsdeling i heimen, og i samfunnet elles. I framtida vil forventingane til likestilling truleg vere endå større enn i dag, særleg knytt til forventing om lik omsorg til born, forklarer Holter.

Smajdor peikar på at rollene til menn er langt fleire enn å befrukte eggceller.

– Så lenge dei ikkje-reproduktive rollene til menn (som vener, partnarar, ektefeller, kollegaer og brødre) fortsett å vere viktige for samfunnet, vil vi ikkje sjå at menn vert overflødige, seier ho.

 
Kva skal vi med menn dersom det vert enkelt å produsere friske spermceller på laboratoriet? spurte vi for nokre veker sidan. Illustrasjonsfoto: Flickr/gags9999/CC BY

Utvida omgrep om reproduksjon
Andre er redde for at teknologien vil gjere det mogleg å planlegge å lage born som manglar fedre. Smajdor er ikkje redd for eit slikt scenario.

– Forsking har vist at det er miljøet i heimen som er viktig for borna, og ikkje kjønnet til foreldra, seier Smajdor. – Å lage spermceller i laboratoriet kan drastisk endre måten vi vurderer infertilitet på, og har også potensiale til å auke talet på personar som kan få hjelp frå teknologien til å få avkom, fortsett ho.

Bioteknologirådet sine utsegn er viktige for stortinget si oppfølging og revidering av Bioteknologilova. Rådet har ikkje teke stilling til konsekvensane av det som er ein potensiell, framtidig teknologi.

– Dersom metoden viser seg å vere trygg og effektiv og ein vel å ta den i bruk, vil den kunne vere til hjelp for enkelte par som ikkje kan får born saman, svarar Hallvard Kvale, kommunikasjonssjef i Bioteknologirådet (foto), i ein epost.

– Dette må imidlertid vegast opp mot moglege konsekvensar ei slik behandling kan få både for samfunn og individ, fortsett han.

Som hovudregel får par med medisinske problem med fruktbarheit tilbod om assistert befrukting i Noreg.

– Vanskeleg å regulere

Smajdor skriv at transpersonar, lesbiske par og einslege som ikkje får andre medisinske tilbod, vil kunne ha nytte av framtidsmoglegheitene. Det vil kunne få konsekvensar for lovverk og dei etiske vurderingane av hjelp til å bli foreldre.

Early human embryos

 

– Det vil vere vanskeleg for myndigheitene å regulere denne utviklinga, særleg når det kjem til å sette grensene for kven som skal få lov til å nytte seg av teknologien, seier Smajdor.

Embryo befrukta i laboratoriet. Foto: Zeiss Microscopy/Flickr

– Heilt generelt meiner Bioteknologirådet at vi skal strekka oss langt for å hjelpa par som treng hjelp med å få born, men at det må skje innanfor eit system som er i tråd med dei etiske normene i samfunnet, og som tek eit særleg omsyn til rettane og interessane til borna som vert fødd etter slik behandling, skriv Kvale.

– Korleis skal vi bestemme kven som skal få lov til å oppfylle dei reproduktive draumane sine, avsluttar Smajdor.

 

Svolten på meir forskingsnytt?

Døgnrytmen påverkar forsvar mot virus

Internasjonale forskarar er bekymra for langtidseffektane av zikaviruset