«Det er faktisk ikkje slik at ein må ha livet planlagt i ein alder av 15, 20 eller 25 år»

Fredrik Bakke, fersk redaktør i Synste Møre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som vanleg på denne tida av året, må ungdomen tenke på søknadsfristar og framtida.

Enten det er vidaregåande eller høgare utdanning som står for tur, er tida framover gjerne full av usikkerheit knytt til framtida.

Det kjem saker i media om kva for yrke ein bør velje, noko som gjer at det ein interesserer seg for kanskje vert nedprioritert fordi ein ser at det ikkje er eit smart val.

Kravet om å fullføre utdanning for å få fullt stipend gjer presset høgare om å velje riktig ved fyrste forsøk. Det er ikkje lett å finne seg sjølv for dagens ungdom, i eit samfunn som i mindre og mindre grad tillet feil.

Eit virvar av moglegheiter

Havet av moglegheiter har aldri vore større. Kan ein tenkje det, kan ein bli det.

Dersom ein går inn på Universitetet i Oslo si heimeside, ligg det 227 studier klare til å bli søkt på. Hos Universitetet i Bergen er talet 191.

Det kan verke som moglegheitene er uendelege, og då blir det ikkje lett å velje kva ein skal søke seg inn på. Skal ein følge interessa si eller ta det som sikrar arbeid etter endt utdanning? Nokon er så heldige at dei to punkta overlappar, men for resten av ungdomen er det verre.

NHO kjem titt og ofte fram med sine anbefalingar om framtidas jobbar: Ungdomen bør velje realfag eller helsefag.

Problemet er berre at for mange fristar ikkje desse jobbane. Sjølv kor sikre framtidsutsiktene blir av å gå desse vegane, er tvilen like stor. NHO kan meine så mangt om kva framtida vil bringe, men tvilen til ungdom blir ikkje mindre av den grunn.

Presset frå utsida

Det er ikkje berre politikarar og næringslivet som seier klart og tydeleg frå om kva som er dei smarte vala. Presset kjem også frå familie, vener og bekjente.

Presset kjem også frå familie, vener og bekjente

Kvar einaste gong ein treff ei tante eller nokon andre i familien, får ein spørsmål om kva ein ynskjer å arbeide med, eller kor langt ein har kome i livet. Det hjelper heller ikkje at dagens ungdom blir kalla «generasjon prestasjon».

Ein får kjensla av at alle rundt seg lykkast i livet. Folk fullfører utdanning, kjøper bil og hus og stiftar familie. Medan ein sjølv sitt der og ikkje heilt veit kva ein skal gjere.

Betydninga av høgare utdanning

Og ein kjem sjølvsagt ikkje vekk frå det faktum at ein i dagens samfunn må ha høgare utdanning for å få jobb. Gjerne ei mastergrad og helst fem år med jobberfaring for å få sin fyrste jobb.

Gjerne ei mastergrad og helst fem år med jobberfaring for å få sin fyrste jobb

Ser ein på dei ledige stillingane verker det nesten umogleg for ein nyutdanna og hamle opp med dei som har meir erfaring. Dette gjer det endå vanskelegare å velje utdanning, for ein blir ikkje sikra jobb uansett.

Ta media som eksempel. På 80-talet kunne ein gå inn i ein redaksjon som attenåring og spørje om jobb, starte med å koke kaffi, og etterkvart bli redaktør i same avis. I dag krev redaktørane ofte at du skal ha mastergrad for å bli journalist. Forstå det den som kan.

Ta det med ro

Å legge framtidsplanar i dagens samfunn er svært vanskeleg. Havet av moglegheiter kombinert med presset frå offentlegheita, foreldre og bekjente, gjer at ein kan føle at det ikkje er rom for å velje feil. Andre har kanskje planlagt livet sitt til den minste detalj, medan ein sjølv endå ikkje veit kva ein vil jobbe med eller kor ein vil bu.

Slapp av. Ikkje alle er del av «generasjon prestasjon»

Det er faktisk ikkje slik at ein må ha livet planlagt i ein alder av 15, 20 eller 25 år. Forventa levealder i Norge i 2020 er ifølgje FN 83 år. Då treng ein faktisk ikkje finne ut av alt før ein har fylt tredve.

Til de som sitt der ute og endå ikkje veit kva de vil søke på, enten det er vidaregåande eller høgare utdanning, slapp av. Ikkje alle er del av «generasjon prestasjon».

Ta ein fridag frå framtida. De har god tid.

Les også: Tenåringar vil ha dei same jobbane no som før: – Vi tek frå foreldra våre

Ida Marina Gilboe, Tuva Godnes Iversen og Carina Sogn Stave var på utdanningsmessa i Oslo spektrum 12. februar. Foto: Peder Skjelten