I år kan du velja fire nye yrkesfag

Dei nye yrkesfaga skal gjera opplæringa meir relevant for elevane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.02.2020 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag 1. mars går fristen for å søka vidaregåande utdanning ut. Då kan du velja anten studiespesialiserande linjer (studiespesialiserande, musikk/dans/drama, idrett eller medier og kommunikasjon)  eller yrkesfag.

I januar i år lanserte Utdanningsdirektoratet fire nye yrkesfag:

  • Handverk, design og produktutvikling
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Sal, service og reiseliv
  • Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Elevorganisasjonen håpar på meir motivasjon

Leiar for Elevorganisasjonen, Alida de Lange D’Agostino, seier til VG at ho er positiv til at yrkesfagelevane får meir relevante fag.

– Eg håpar dette kan vere med på å gjera skulen meir motiverande, for motivasjon veit me har mykje å seie. Trivst ein ikkje, fell ein lettare bakpå og då droppar ein lettare ut.

Endringane i yrkesfaga er dei første sidan 2006. Til saman kan du no velje ti ulike yrkesfaglege utdanningsprogram på VG1.

Desse faga består som før:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektrofag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Naturbruk
  • Restaurant- og matfag
  • Teknikk og industriell produksjon

Les også: Rhine (17): – Det er nok mange som ikkje vel yrkesfag fordi dei ikkje tør

Fleire endringar

Service og samferdsel vert erstatta av Sal, service og reiseliv, noko som inneber at transport- og logistikkfagaer no vert  flytta over til «teknikk og industriell produksjon», forklarar seniorrådgjevar Ole Christian Norum i Utdanningsdirektoratet til VG.

VG1 Design og handverk, vert delt i Handverk, design og produktutvikling og Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, slik at elevane får spesialisera seg tidlegare.

I tillegg til endringane på VG1 kjem det òg endringar seinare i yrkesfagsløpa:

  • VG3 Kontor- og administrasjonsfaget og resepsjonsfaget blir erstattet av et nytt fag, med nytt innhald og nytt navn.
  • Vg2 byggteknikk bli delt i Vg2 tømrar og Vg2 betong og mur
  • Vg2 matfag blir delt i Vg2 bakar og konditor og Vg2 industriell matproduksjon.
  • Det blir oppretta fleire nye lærefag innafor fleire av utdanningsprogramma. Dette gjeld dyrefaget, anleggsrørleggarfaget, veidrift- og veivedlikehaldsfaget, ventilasjonsteknikkfaget og truck- og liftmekanikerfaget.

Les også: Fleire vel utradisjonelt: – Fleire jenter burde velja yrkesfag

Benedikte Heimli Hovland (15) skal snart søka vidaregåande utdanning. Som ein del av førebuinga på det, var ho med klassen sin på besøk til Kværner Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker