Historisk: Ein tredje rullebane på Heathrow er dømt til å vere ulovleg – på grunn av klima

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag vart det klart at klimarørsla vann mot styresmaktene i saka om utbygging av ein ny rullebane på den britiske lufthamna Heathrow.

Det melder The Guardian.

Historisk dom

Ankedomstolen meiner at styresmaktene brøyt lova då dei ikkje vurderte klimakonsekvensane av ei slik utbygging i tråd med klimaforpliktingane staten har i tråd med Paris-avtala.

– Denne dommen er eit historisk og banebrytande resultat for klimarettferd og framtidige generasjonar, skriv organisasjonen Friends of the Earth på sine Facebook-sider.

Dei har saman med lokale som blir råka av utvidinga, andre miljøorganisasjonar som Greenpeace og Plan B og ordførar i London, Sadiq Khan, teke saka til retten.

– Dagens avgjersle er ein enorm siger for alle London-buarar som er opptekne av å takla klimakrisa og reinse lufta vår, skreiv London-ordførar Khan på Twitter etter avgjersla i dag.

Parisavtala som grunngjeving

Saka vart først avslått i domstolen (High Court of Justice) i mai 2019, men vart anka.

Transportminister 2016-2019, Chris Grayling. Foto: UK Parliament

Under den nye rettsaka i ankedomstolen argumenterte organisasjonen Plan B med at Parisavtala, som styresmaktene har ratifisert, er ein viktig del av staten sin klimapolitikk og at politikarane ikkje hadde vurdert korleis konsekvensane ville vera i samband med Parisavtala og togradarsmålet.

Tidlegare transportminister Chris Grayling meinte Parisavtala frå 2015 ikkje var relevant for klimapolitikken og at det var nok å sjå utbygginga av rullebanen opp mot klimalova frå 2008 (Climate Change Act).

Her var retten usamde og miljøorganisasjonane vann dimed mot staten.

Regjeringa vil ikkje anka saka til høgsterett, ifølgje The Guardian.

Første i verda

Margaretha Wewerinke-Singh. Foto: Universiteit Leiden

Dommen er den første i verda som legg Parisavtala til grunn, og vil kunne få konsekvensar både i Storbritannia og elles i verda for andre prosjekt med høge karbonutslepp, seier jussekspert Margaretha Wewerinke-Singh ved Leiden Universitet til The Guardian. 

– For fyrste gong har ein domstol stadfesta at Parisavtala sitt temperaturmål er bindande. Målet var basert på overveldande bevis for dei katastrofale risikoane ved å overstiga 1,5 grad oppvarming. Likevel har nokon argumentert med at målet berre er eit mål å strekka seg etter, noko som har gjeve styresmakter eit frikort til å i praksis ignorera det.

Tuva Mjelde Refsum (17) heldt appell framfor Stortinget. Foto: Natur og Ungdom