Tuva (17): – Ein tredje rullebane på Gardermoen aukar utsleppa og trugar sårbar natur og matjord

Over 250 demonstrantar møtte opp utanfor Stortinget på demonstrasjonen mot utbygging av tredje rullebane på Oslo Lufthamn.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Protesterer mot tredje rullebane på Gardermoen

Natur og Ungdom saman med fleire parti, miljøorganisasjonar og bondeorganisasjonar krev at regjeringa stoppar planlegginga av rullebanen.

Blant dei som heldt appell framfor Stortinget var leiar i Akershus Natur og Ungdom, Tuva Mjelde Refsum (17) frå Nannestad:

– Avinor sine planar om ein tredje rullebane vil auka utsleppa, truga sårbar natur og matjord og forureina grunnvatnet på Gardermoen. Dette er å gå strake veg i motsett retning av den utsleppsfrie framtida vi treng. Det er å seia til resten av verda at vi ikkje tek Parisavtalen på alvor, sa ho i appellen sin og heldt fram:

– Skal eg fortelja barnebarnet mine at vi nekta å droppa sydenreisene våre i ei tid der verda stod ovanfor ei kolossal klimakrise som ville krevja millionar menneskeliv? Dette handlar slett ikkje om at vi skal stoppa å fly. Men det handlar om å la vera å dobla flytrafikken i ei tid der klimatiltak er viktigare enn nokosinne. Det handlar om å seia at nok er nok!

Gaute Eiterjord er leiar i Natur og ungdom. Foto: Eirin Torgersen/Natur og Ungdom

LES OGSÅ: Avinor åtvarar regjeringa mot vekst i flytrafikken

Forventar at Venstre set foten ned

Leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord meiner regjeringa må skrota planlegginga av ein ny rullebane:

– Det er heilt på trynet at Avinor får halda fram å planleggja denne klimagalskapen. Vi forventar at Venstre, som er mot rullebanen, pressar regjeringa internt på denne saka, seier Eiterjord i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Matjord – eit klimaspørsmål