Koronaviruset fører til stor nedgang i kinesiske klimautslepp
Nedstenginga av fabrikkar og kolkraftverk skal ha ført til ein nedgang i klimautsleppa på 25 prosent, ifølgje ferske tal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Koronaviruset fører til stor nedgang i klimautsleppa
Koronaviruset har no tatt over 2000 liv i Kina. Styresmaktene har sett i verk omfattande tiltak for å hindra spreiinga av sjukdommen i verdas mest folkerike land. Gatene i nokre av verdas største byar er folketomme, og fabrikkar og butikkar er nedstengde.
- LES OGSÅ: Treng vi å frykte koronaviruset i Noreg?
Ein ny analyse frå CarbonBrief viser at dei omfattande tiltaka for å hindra spreiing av koronaviruset også har ført til lågare CO2-utslepp.
Over ein fjerdedel av CO2-utsleppa i verda kjem frå Kina. Ifølgje CarbonBrief har utsleppa frå Kina dei siste to vekene vore kring 25 prosent lågare enn same periode i fjor. Det er ein nedgang i utsleppa på 100 millionar tonn CO2. Til samanlikning var Noreg sine samla utslepp 52 millionar tonn CO2 i 2018.
Utsleppa frå kolkraftverka i Kina er no på det lågaste nivået på fire år. Talet på innanlandsreiser med fly har gått ned med 70 prosent, ifølgje CarbonBrief.