Noreg doblar klimafinansieringa

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 06.10.2020 12:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa doblar den norske støtta til Det grøne klimafondet (GCF) og inngår dermed den største bistandsavtalen gjennom tidene med ein multilateral klimaorganisasjon frå Noreg si side, skriv dei i ei pressemelding.

Tvingar millionar frå heimane sine

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. Foto: Sturlason

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) meiner kampen mot klimaendringane er den viktigaste saka i vår tid.

– Utslepp må ned raskt, og i tillegg må vi sørgje for tilpassing til klimaendringane som allereie er her og bidra til å avgrense dei øydeleggjande konsekvensane av klimarelaterte naturkatastrofar. Vi kan ikkje lukke augo for at klimaendringane allereie øydelegg avlingar og tvingar millionar frå heimane sine, seier han i pressemeldinga.

Lurer du på kva det grøne klimafondet er?
Sjekk videoen under, laga av Heinrich-Böll-Stiftung Washington, DC:

Doblar støtta

Noreg skal ifølgje regjeringa vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet. Regjeringa har valt å prioritere Det grøne klimafondet som finansieringskanal for norsk klimainnsats i utviklingsland i dei kommande åra.

– Det grøne klimafondet har levert gode resultat i utviklingsland, derfor aukar vi no støtta til fondet frå 400 millionar per år til 800 millionar per år, understrekar Ulstein i pressemeldinga.

Det grøne klimafondet (GCF) vart oppretta i 2010 av FNs klimakonvensjon. Målet til fondet er å bidra til ei lågkarbon- og klimatilpassa utvikling ved å gi støtte til utsleppsreduserande tiltak og klimatilpassing i utviklingsland.

Noreg blir ifølgje regjeringa den sjette største givaren til fondet, og den tredje største givaren per innbygger, med denne avtalen.

Klimabrølet 30.august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Det grøne klimafondet

  • GCF har så langt støtta 124 prosjekt, med 5,6 milliardar dollar, noko som har utløyst investeringar på 20,6 milliardar dollar.
  • Prosjektene er venta å redusere dei globale klimagassutsleppa med 1,6 milliardar tonn.
  • I 2015-2019 ga Noreg til saman 2,080 milliardar norske kroner.