– Det er framtida vår, det er jorda vår, me må beskytta ho, syng skuleklassen i Irland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På den irske skulen Cappabue nasjonalskule har talentfulle barneskuleelevar gått saman og laga songen: One small change.
Det er ein rap som omhandlar klimaendringane, og kva kvar enkelt kan gjera for å bidra til å betra situasjonen.
Ville spre bodskapen
Det er ein svært liten skule, med berre to lærarar, som ligg vest i Cork i Irland. Lærar Olive Creed seier til CorkBeo.ie at ungane vart inspirerte etter å ha sett på plastavfallet i Bantryfjorden, ikkje langt frå skulen.
– Barna ville spreie bodskapen til andre skulebarn og vise korleis dei sjølv kan gjera ein liten forskjell.
Og sjølv om skulen er blant dei minste i området, har dei vunne fleire prisar for filmane sine. Dei bestemte seg for å laga ein musikkvideo og kontakta lokale Garry McCarthy, som driv musikkollektivet GMC Beats, skriv CorkBeo.ie.
- Les også: Omlag sju millionar demonstrerte for klima verda over. I Moskva stod Margarita (15) åleine
Laga alt sjølv
McCarthy jobbar ofte med barn og unge for å laga musikk, med fokus på det barna i området er opptekne av. Han kom til skulen for ein temadag der målet var å laga songen. Ungane jobba i grupper og kom på alt innhaldet sjølv.
Med eit lite studio sett opp i klasserommet, spelte dei inn klimahiten. Til glede for barna som ville spreie sin bodskap, går videoen no sin seiersgong på internett.
Les også: Ungdom frå heile verda klagar inn fem stornasjonar for FN: – I dag kjempar me tilbake