Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På den irske skulen Cappabue nasjonalskule har talentfulle barneskuleelevar gått saman og laga songen: One small change.

Det er ein rap som omhandlar klimaendringane, og kva kvar enkelt kan gjera for å bidra til å betra situasjonen.

Ville spre bodskapen

Det er ein svært liten skule, med berre to lærarar, som ligg vest i Cork i Irland. Lærar Olive Creed seier til CorkBeo.ie at ungane vart inspirerte etter å ha sett på plastavfallet i Bantryfjorden, ikkje langt frå skulen.

– Barna ville spreie bodskapen til andre skulebarn og vise korleis dei sjølv kan gjera ein liten forskjell.

Og sjølv om skulen er blant dei minste i området, har dei vunne fleire prisar for filmane sine. Dei bestemte seg for å laga ein musikkvideo og kontakta lokale Garry McCarthy, som driv musikkollektivet GMC Beats, skriv CorkBeo.ie.

Laga alt sjølv

McCarthy jobbar ofte med barn og unge for å laga musikk, med fokus på det barna i området er opptekne av. Han kom til skulen for ein temadag der målet var å laga songen. Ungane jobba i grupper og kom på alt innhaldet sjølv.

Med eit lite studio sett opp i klasserommet, spelte dei inn klimahiten. Til glede for barna som ville spreie sin bodskap, går videoen no sin seiersgong på internett.

Les også: Ungdom frå heile verda klagar inn fem stornasjonar for FN: – I dag kjempar me tilbake

Collage med bilete frå Children VS Climate change