The Guardian vil ikkje lenger ha annonsar frå fossil-industrien

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den britiske avisa har det siste året teke ei aktiv rolle i å visa sitt standpunkt i klimasaka.

I mai 2019 gjekk redaktør Katharine Viner ut og sa at avisa ville byrja bruka eit sterkare språk til å skildra og skriva om klimaendringane – mellom anna skulle dei konsekvent kalla det klimakrisa.

Industrien har hindra meiningsfull klimahandling

I oktober 2019 sette dei ei målsetjing om å få ned utsleppa til The Guardian til netto null i 2030. I dette arbeidet har dei kome fram til at annonseringa også må med i rekneskapen.

Dei skriv mellom anna dette på heimesidene:

«Me innser at det er andre steg me kan ta, om me vil vera tru mot verdiane våre. 

Me har bestemt at me ikkje lenger vil ta imot reklame og annonsar frå selskap som vinn ut fossil energi på nokon av heimesidene, appane, og avisene våre. Avgjersla er basert på at industrien i tiår har lagt inn ein innsats for å hindra meiningsfull klimahandling frå styresmakter rundt om i verda».

Ikkje slutt på ferie-reklamar

Dei skal likevel ikkje slutte med annonsar frå alle produkt som vil føra til store CO2-utslepp, som til dømes bilar og feriereiser. Dette fordi det vil vera eit for stort økonomisk innhogg i The Guardian.

Dei meiner også at fossil-industrien har ei anna rolle enn andre som sel klimaskadelege produkt, fordi denne industrien har stått så sterkt i klimaforhandlingane så langt.

Annonseinntekter stod for omlag 40 % av inntektene til The Guardian i 2019.

The Guardian er ikkje først ute med annonse-nekt. I septeber 2019 vart det også klart at svenske Dagens ETC ikkje ville ta imot annonsar som reklamerer for varer og tenester som er baserte på fossil energi.

«Disse stedene bør du ha på bucketlisten» er tittelen på ei av VG sine reisesaker, som blant anna inkluderer Antarktis. Foto: Eirik Tangeraas Lygre