Færre droppar ut av førstegongstenesta
Det har lenge vore ei utfordring at mange ungdommar droppar ut av Forsvaret. No har trenden snudd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For åtte år sidan droppa 3.500 soldatar ut av førstegongstenesta, det svarar til rundt ein tredel av dei som vart kalla inn. I fjor var talet langt lågare, med 500 soldatar som ikkje heldt fram i førstegongstenesta, skriv NRK.
Forsvaret har gjort fleire grep for å halde på soldatane.
– Vi har ei meir individuell vurdering, gjennom fleire steg. Vi har og tilgang til meir informasjon om den enkelte, seier Petter Lysholm, sjef for vernepliktsavdelinga til Forsvaret.
Forsvaret prøver no i større grad å motivere ungdommane.
– Vi fokuserer på trivsel, motivasjon, kvalitet, og det å gå ei meiningsfylt teneste, seier Ronny Kristoffersen, sjef for rekruttskulen KNM Harald Haarfagre til NRK.
Dei vanlegaste årsakene til at soldatar hoppar av er fysiske skadar, helseproblem, overtydingsgrunnar, studiar eller mangel på motivasjon.
- Visste du at vernepliktige ikkje får ID-kort på nynorsk? – Nokon ville kanskje sagt at det er ein liten filleting, men slike små filleting er nynorsk i kvardagen til nynorskbrukaren