KrFU med medlemsauke sidan nyttår – gjev «Syria-barna» og Frp-exit æra

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved utgangen av 2019 kunne Grøn Ungdom, Senterungdommen og Raud Ungdom jubla for medlemsrekordar, noko dei meiner skuldast mellom anna klimasaka og misnøye med sentraliseringa.

2019 var også året då KrF etter sitt «skjebnelandsmøte» valde å gå inn i regjering med Høgre, Frp og Venstre.

170 færre medlemmar i 2019

KrF mista 500 medlemmar berre i løpet av dei første månadane av 2019, ifølgje VG.

Medlemstala frå KrFU viser at også ungdomspartiet fekk færre medlemmar i fjor. Ved utgangen av 2019 hadde ungdomspartiet 1159 betalande medlemmar, noko som var ein nedgang på 170 frå året før.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland ser ikkje bort ifrå at vegvalet til KrF har hatt noko innverknad på nedgangen, men meiner hovudårsaka er endringar i personvernforordninga (GDPR), som gjorde at ikkje-betalande medlemmar vart sletta frå medlemssystemet slik at partiet ikkje fekk sendt påminning.

– Me mista ein del i 2019, men hittil i år har me fått 43 nye medlemmar, så eg ser ikkje mørkt på det i det heile teke, seier Edel-Marie Haukland på telefon til Framtida.no.

Ny regjeringskonstellasjon

Onsdag denne veka markerte KrF eittårsjubileum for når dei gjekk inn i regjering. KrFU-leiaren meiner det at partiet har fått gjennomslag for viktige saker knytt til bistand, oppvekstkår og kroppspress har vore viktig for ungdomspartiet.

Ikkje minst meiner ho at ein del av auken kan knytast direkte til saka som fekk Frp til å gå ut av regjering.

– Etter at dei henta tilbake dei to barna frå Syria og Frp gjekk ut av regjeringa kan me sjå ei vekst i medlemstala, seier Haukland, som viser til at moderpartiet no sit i den regjeringa som dei gjekk til val på i 2017.

Medlemsauke i KrF, Venstre og Frp

Dei fleste av dei nye medlemmane er på Sørvestlandet, men òg Austlandet har hatt vekst. I dag har dei 1220 medlemmar, men innan 2030 håpar KrFU å ha 3000 medlemmar.

Også moderpartiet har opplevd medlemsauke etter skilsmissa regjeringa har vore gjennom. Til Aftenposten fortel KrFs nye kommunikasjonssjef Elisabeth Løland at partiet har fått 112 nye medlemmar etter 20. januar – dagen Frp varsla at dei ville ut av regjeringa.

Frp fortalde at dei hadde fått 170 nye medlemmar, medan Venstre hadde fått 60.