Hadle Rasmus Bjuland (25) er oppvaksen i ein søskenflokk på sju, og vart kasta inn i politikken av storebroren.
Dette er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.
– Det er litt sånn at viss du først begynner med politikk, så blir du biten av basillen. Då er det ingen veg tilbake, seier KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland (25).
Framtida.no besøker han på Stortinget, der han møter som vara for tidlegare partileiar i KrF, Olaug Bollestad.
– Heime har eg nok lært at det å meine ting er ufarleg. Og at det å vere ueinig med folk er ufarleg. Det trur eg har hjelpt meg godt som politikar, fortset han.
Alle mann til pumpene
Bjulands politiske karriere starta heilt tilbake i 2015, for ti år sidan. Då prøvde storebroren hans, Olaus, å komme seg inn i kommunestyret i heimkommunen Hå.
– Så då var det rett og slett alle mann til pumpene for å få han inn der. Og eg vart tvinga til å bidra, forklarer 25-åringen.
Men han såg ikkje mørkt på det. Tvert imot opplevde Bjuland at det han heldt på med kunne bety ein forskjell.
– KrF vart største parti i kommunen, og gjorde det best blant unge veljarar. Sjølv om eg trur det er avgrensa kor mykje effekt jobben eg gjorde hadde, så fekk det meg til å sjå at det å engasjere seg gjer at du kan vere med å forme korleis produktet blir til slutt, seier han.
– Kva er vitsen viss vi ikkje veit kva vi har å forsvare?
Dei siste fire åra har KrFU fått over 400 nye medlemmar. Fleire unge går til dei konservative partia.
Bjuland trur det er fordi partiet hans har forstått tida vi lever i.
– I ei tid der mange er rotlause, bør vi søke tilbake til røtene våre. Eg er stolt av å stå i ein kristen tradisjon med verdiar som har bore samfunnet vårt gjennom tusen år, seier han.
Og i ei tid prega av krig, konflikt, motløyse og pessimisme er det éin ting KrFU-leiaren ønsker at valkampen skal handle om meir enn noko anna:
Verdiar.
– Kva er vitsen med mykje kuler, krut og eit sterkt forsvar viss vi ikkje veit kva vi har å forsvare? spør han retorisk.
Ikkje nok å ruste opp forsvaret
Bjuland meiner at tinga vi før har teke for gitt, kan vi ikkje ta for gitt lenger.
Han nemner demokrati og ytringsfridom, og det å leve side om side med ulike religionar.
– Akkurat no er eg uroleg for at mykje av det som bind oss saman er i ferd med å forvitre, seier han.
For han er det ikkje nok å ruste opp forsvaret:
– Vi må ha med verdiane våre også.
Støttar opp om flaggvedtaket
Det skapte kraftige reaksjonar frå politikarar og andre då KrF vedtok å forby prideflagget i norske skulegardar på landsmøtet sitt i april. Mellom anna frå nestleiar i Høgre, Tina Bru, som skreiv i VG at KrF bidrar til å skitne til flagget.
Bjuland har fått merke reaksjonane.
– Sånne ting skaper alltid debatt. Eg meiner at det var riktig. Men det som alltid er vondt å høyre er når politikarar frå andre parti bevisst mistolkar det som er tanken bak forslaget, seier han, og legg til:
– Det har aldri vore intensjonen, dei påstandane som Høgre kjem med.
Intensjonen bak vedtaket var, ifølge Bjuland, å vere tydelege på at det berre er norske, samiske og kvenske flagg som skal vaie på offentlege flaggstenger.
Han peiker også på at prideflagget kan bli tolka ulikt.
– Nokre tolkar det som berre ein kamp for skeiv kjærleik, og det respekterer eg. Men for andre er flagget meir enn det. Og det har dei respekt for.
– Frykteleg dårleg politikk
Det er også tema Bjuland håpar at ikkje blir ein del av valkampen.
Han kritiserer mellom anna skulepolitikken til AUF, som ønsker å gi gratis skulemat til alle barn, fjerne fråværsgrensa og fjerne lekser.
– Eg meiner det er frykteleg dårleg politikk, og at skulen må stille krav til dei unge, for unge treng at nokon stiller krav til dei, seier han.
Han kjente sjølv på dette då han gjekk på skulen:
– Eg trong at nokon forventa noko av meg. Korleis blir du som menneske viss ingen trur på deg lenger?
Eit råd til dei unge
Bjuland tapte nominasjonskampen for å bli toppkandidat til stortingsvalet for KrF Rogaland.
Likevel er han glad for at han stilte til val.
– Eg vil seie til alle unge at etter å ha stått i krevjande ting, tek du med deg erfaringar som du aldri ville ha vore forutan.
Han trur det er viktig å stille til val og ta sjansar.
– Det er synd for demokratiet viss folk vegrar seg for å stille, fordi dei er redde for at dei ikkje skal vinne fram.
– Skal gi alt eg har
Ifølge NRK si siste supermåling ligg KrF an til å få 3,5 prosent av stemmene ved valet. For at Bjuland skal få ein plass på Stortinget til hausten, må partiet komme seg stabilt over sperregrensa, som er på 4 prosent.
– Det er mogleg, men alt kan skje. Eg skal i alle fall gi alt eg har fram til 8. september! seier KrFU-leiaren.
Spådomen hans for stortingsvalet er klar:
– Eg trur det blir regjeringsskifte. Med Erna Solberg som statsminister og KrF som ein del av regjeringa. Det er lite sannsynleg at KrF vil støtte Sylvi Listhaug som statsminister.