Kvalen med plast i magen endra plastvanane til fire av ti

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag var det tre år sidan ein død kval med magen full av plast vart funnen på Sotra. Bildet av magen med all plasten gjekk viralt og sjokkerte mange. No viser ei undersøking at det førte til endra plastvanar, skriv NRK.

Det er Opinion som har gjort spørjeundersøkinga for Universitetet i Bergen (UiB).

Terje Lislevand er førsteamanuensis ved
Universitetsmuseet i Bergen. Foto: UiB

I undersøkinga svarer fire av ti som er spurde, at kvalen har bidrege til at dei har endra plastvanane sine.

Nesten annakvar nordmann seier at dei fekk auka miljøengasjement av å sjå kvalen. Vidare er det åtte av ti som hugsar kvalen. Åtte av ti er òg villige til å rydde plast i strandsona.

– Det har vore fantastisk å sjå korleis folk har vorte inspirert til å rydde strender, og å sjå politikarar snakke om plast. Kvalen fekk også forskarar til å ville sjå nærmare på plastforsøpling, seier zoolog Terje Lislevand ved Universitetsmuseet i Bergen til NRK.

 

Les meir om plast og miljø her: