– Magen på kvalen var fullstappa av plast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjuk kval hadde 30 plastposar i magen

Viltnemnda måtte laurdag avlive ein sjuk gåsenebbkval som fleire gonger sette seg fast i grunt vatn ved Sotra. Ifølgje NRK var dette den første gåsenebbkvalen som har blitt observert i Noreg. Då forskarar seinare opna magesekken på dyret var det eit trist syn.

– Magen var heilt fullstappa av plast. Rundt 30 plastposar i tillegg til ein del småplast. Det er veldig trist, seier zoolog og førsteamanuensis Terje Lislevand ved Universitetet i Bergen.

Ifølgje kringkastaren var tarmsystemet til kvalen fullstendig tømt for næring, og alt tydar på at kvalen har hatt det vondt.

Miljøekspertar er bekymra: Manar ministeren til kamp mot plastforsøpling

Saka held fram under biletet.

plastic_in-_whale_stomach
All plasten hadde skapt ein propp i systemet på kvalen, forklarar Terje Lislevand. Foto: Christoph Noever, UiB

Marin forureining er eit aukande problem, og ifølgje FNs miljøprogram hamnar over åtte millionar tonn plastsøppel i verdshava årleg.

– Menneske har nytta havet som ei enorm søppelfylling, men avfallet dukkar diverre opp att i samanhengar som denne. Det er ikkje ofte ein går så nøye til verks som det me har gjort i dette tilfelle, så det er vanskeleg å vita kor vanleg slike mengder er, seier Lislevand til NRK.

LES OGSÅ: Norsk torsk har plast i magen

stomach_content5
Daim Balltopp. Kvalen fekk berre papiret. Foto: Christoph Noever, UiB