Kan sopp og bakteriar løysa plastproblemet?
Soppen Aspergillus tubingensis skil ut eit enzym som bryt ned kjemiske bindingar i plasten. No jobbar forskarar med å optimalisera prosessen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Plasten me kvittar oss med hopar seg opp i naturen og har funne vegen heilt ned til dei djupaste havområda i verda.
Problemet med plast er at han brukar fleire hundre år på å bli brote ned i naturen og utgjer ein stor fare for dyrelivet, spesielt i havet.
Plastetande sopp frå Pakistan

Soppen Aspergillus Tubingensis er ei type muggsopp som kan bryte ned både biologisk og syntetisk materiale. Foto: Wikipedia
I 2017 fann forskarar over 2000 nye soppartar i 18 land.
Ein av desse nye soppartane var Aspergillus tubingensis, som vart funne på ei søppelfylling i Islamabad, Pakistan. Soppen kan vere nyttig, fordi han skil ut eit enzym som bryt ned plast.
Forskar Ilia Leitch sa til CNN i haust at sjølv om dei er i ein tidleg fase av forskinga, håpar dei å sjå fruktene av ein sopp som kan ete plast i løpet av fem til ti år.
Ifølgje forskningsrapporten «State of the World’s Funghi 2018» kan den nyfunne soppen bryte ned plast i løpet av nokre veker.
Dette er ikkje det einaste lovande funnet når det kjem til nedbryting av plast.
Plastetande bakterie frå Japan

Illustrasjon av korleis Ideonella sakaiensis bryt ned polyetylentereftalat. Illustrasjon: G.Mannaerts
I 2016 fann japanske forskarar ein bakterie som bryt ned plast i avfallet frå ein attvinningsstasjon. Bakterien Ideonella sakaiensis bryt ned plasten polyetylentereftalat (PET), som er vanleg i plastflasker, gjennom hydrolyse ved hjelp av to enzym.
Britiske forskarar har jobba vidare med dette funnet.
– PET har berre vore i miljøet i store mengder dei siste 50 åra, så ei bakterie som har utvikla seg til å ete dette syntetiske menneskeskapte stoffet er faktisk ganske sjokkerande, forklarar professor ved Universitetet i Portsmouth John McGeehan i eit foredrag.
Dei britiske forskarane jobbar vidare med enzymet PETase, som dei reindyrkar og jobbar med å optimalisera ved å endra DNAet.
Du kan sjå professor McGeehan forklara funna sine her:
McGeegan har tru på sirkulærøkonomi, som betyr at material og varer går inn i eit krinslaup der dei ikkje ender sine dagar på ei søppelfylling.

Seljarane Eivind Koren og Johanne Sverresdatter Seeberg trur det vil verte vanlegare å leige utstyr i framtida og ser ei auke på vinterstid.