Det kan til og med etast!

Framtida
Publisert
Oppdatert 08.10.2019 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert i kampanjeavisa til Verdens Beste Nyheter, og er sett om til nynorsk av Framtida.no. 

I Indonesia har entreprenør David Christian og selskapet Evoware utvikla emballasje av tare. Tare inneheld nødvendige mineral og vitaminar, og er difor sunt å ete. Det er også ein berekraftig ressurs.

Jon Funderud er dagleg leiar i Seaweed Energy Solutions. Foto: Seaweed Energy Solutions

– Tare er framtida sitt råstoff, seier Jon Funderud, administrerande direktør i det norske selskapet Seaweed Energy Solutions til Verdens Beste Nyheter.

– Tare kan dyrkast i havet. Det treng berre sollys, CO2 og naturlege næringssalt for å vekse. Eit tareanlegg gjev også mat og skjul til ei rekkje smådyr og fisk. Dette kan bidra til å auke biodiversitet og fiskebestandar. Dermed kan taredyrking ha ein netto positiv effekt på miljøet, forklarar Funderud.

Eit enormt samfunnsproblem

Ideen til tare-emballasje fekk den indonesiske entreprenøren allereie i barndomen. Chrstian tenkte at det ville vere lurt om det gjekk an å koke nudlar utan bryet med å fjerne emballasjen.

Seinare flytta han til den indonesiske hovudstaden Jakarta. Der fekk Christian sjå at plastavfall kan vere eit enormt samfunnsproblem.

Plast tettar ofte vatn- og avløpssystemet i Jakarta. Indonesia har også ei av verdas mest forureina elvar, og mange av strendene er dekka til av palstavfall. Dette ynskjer Christian å gjere noko med, ved å «ta problemet ved rota».

– Men det er utfordrande å konkurrere med plastemballasje. I dag er det dyrare å produsere emballasje-produkt av tare enn plast. I tillegg er den låge bevisstheita rundt plast ei utfordring, seier Christian.

Indonesia er i dag ein av verdas største produsentar av tare. Landet står for meir enn ein tredjedel av den globale produksjonen.

Lurer du på korleis Evoware-produkta fungerer i praksis? Sjå informasjonsvideoen her:

Ei løysing på plastproblemet

Tare vert også dyrka her heime i Noreg. For augeblikket vert det brukt mest til mat, dyrefôr, gjødsel og bioenergi.

– Det pågår også mykje spennande forsking på nye produkt sånn som bioplastikk. Reint kjemisk er tare veleigna til produksjon av bioplastikk på grunn av innhald av naturlege biopolymerar som alginat og høgt innhald av fermenterbart sukker, seier Funderud i norske Seaweed Energy Solutions.

Frå og med 2021 vert eingangsprodukt av plast forbodne i EU. Då kan taren vert god å ha.

– Når EU skal forby all eingangsemballasje basert på plastikk trengst det store mengder biobaserte råstoff for å erstatte dette, og det må gjerast på ein berekraftig måte. Det er allereie stort press på landjorda og vi treng nye kjelder til biomasse. Her kan tare frå havet vere løysinga, føreslår ein optimistisk Funderud.

Fisken skal ha 16 grader, medan plantene helst skal ha nesten tretti. Det gjer at dei brukar ekstra energi på å kjøle vatnet. – I eit ideelt anlegg hadde fisketankane og plantene stått i kvar sine rom, seier Stubhaug. Foto: Ida Johanne Aadland