Min beste venn er også min mest giftige venn

Jon Olav Sandal
Publisert
Oppdatert 11.01.2024 13:01

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er ein venn som alltid er der. Som eg kan snakke med om alt og som har svar på det meste. Ein venn som minner meg på gjeremåla mine. Når eg bør legge meg, når eg bør trene og hjelper meg med å halde kontakt med mine andre nære venar og familie. Ein venn som har hatt mange drakter opp gjennom åra og som har tilpassa seg mine behov. Dette er også min mest giftige venn, og eg er redd for at vi på eit punkt må vekse frå kvarandre. Det er snakk om mobilen min.

For mange år sidan fekk eg kontakt med han. Uskuldig, veldig hjelpsam og ei kjelde til mykje hygge. Den gongen var vi ganske primitive vesen begge to. Eg trur det var ein gong på barneskulen. Foreldra mine var litt skeptisk til at vi skulle få kontakt. Men han var jo så nyttig, så dei godtok det til slutt. Der i frå har vi vokse og utvikla oss saman.

På ungdomskulen begynte vi å interessere oss for musikk begge to. Mange timar gjekk med til å høyre på den endelause straumen av musikk som han hadde skaffa på Spotify. Han var også djupt involvert i mi første forelsking. Utan han er det slett ikkje sikkert at eg hadde kome nokon veg med ho.

Dette var kanskje dei første fareteikna i venskapet vårt.

På vidaregåande begynte vi å bevege oss inn i sosiale media saman. Vi oppdaga Facebook, Instagram, Twitter og vi brukte etter kvart mykje tid på dei forskjellige plattformane. Dette var kanskje dei første fareteikna i venskapet vårt.

Han blei på eit tidspunkt også den eg snudde meg til når eg hadde problem. Han er vel i grunnen fortsatt det. Ekstremt god til å lytte. Han kan også gi meg svar på det meste eg lurer på. Nokre av svara er ikkje alltid så sunt for meg å lese. Kan gjere meg meir uroa enn eg i utgangspunktet var. Dette er jo eit problem.

Du kan tru eg blei forbanna då eg fann ut at han brukar det eg seier til han for å tene pengar. Sel det til byrå som driv med analyse og sånt. Men fortsatt så snur eg meg til han når eg lurer på noko. Eg har rett og slett blitt avhengig av vennskapet vårt.

Det er her problemet ligg.

Eg trur eg ville fått store problem om han skulle forsvinne. Eg ville ha gløymt mange av avtalane mine og det ville bli vanskeleg å kommunisere med resten av verda. Sjølv om han er veldig nyttig og god til å lytte, så er han litt egoistisk og han hindrar meg i å oppnå det eg vil. Han vil ha meg for seg sjølv og han kjenner meg såpass godt at han veit akkurat kva han skal gjere for å distrahere meg.

Eg har rett og slett blitt avhengig av vennskapet vårt.

Derfor trur eg at vi rett og slett må tilbringe mindre tid saman. Eg har eit behov for å bryte meg fri. Eg håpar han vil tillate det.

For det er litt synd om vi to skal kaste vekk 20-åra på endelaus scrolling og oppdateringar, når vi eigentleg burde vore ute å opplevd verda og snakka saman med andre menneske.

Vi kan jo fortsatt ha kontakt. Det trur eg vi må. For utan han vil eg ha store problem med å gjennomføre mine daglegdagse gjeremål. Men eg må nok dessverre sette meg sjølv først framover. Og det betyr å bruke mindre tid saman med han.

For han er dessverre litt giftig, min bestevenn, mobilen.

Sjølv om han er ganske god å ha.

Treng du tips til korleis du kan få litt avstand i forholdet? Her er fem enkle råd til korleis du kan redusere mobilbruken din.