Mange fylke og byar har auka ambisjonane og satt mål om nullutslepp innan 2030.
Helene Frihammer og Hilde Holdhus
Helene Frihammer og Hilde Holdhus
Om artikkelforfattarane

Helene Frihammer er leiar hjå Klimapartnere Vestland og Nasjonal Koordinator for nye Klimapartnere regioner hjå Norsk Klimastiftelse.

Hilde Holdhus er leiar hjå Greensight AS.

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka stod først publisert hjå Energi og klima, og er gjengjeve med løyve frå forfattaren.

Der Noreg har lavt ambisjonsnivå for utsleppsreduksjon (45 prosent), har mange fylke høyrt dei unge, og sett seg heilt nye, ambisiøse mål om nullutslepp innan 2030. Det gjenstår å konkretisere nærmare kva dette betyr for kvart fylke i konkrete handlingsplanar fram mot sommaren.

Under årets toppleiarmøte for Klimapartnere Vestland tyda det på at ein med nullutslepp meinar direkte utslepp frå heile regionen, der ein treng mobilisere alle aktørar for å være med å levere. Fylkesordførar Jon Askeland gjorde det tydeleg at han vil stille seg i front for mål om Nullutslepp Vestland 2030.

Trøndelag, Vestland, Viken, Oslo, Innlandet og Vestfold og Telemark har alle lignande målsetningar, med høgt ambisjonsnivå.

Vilje til å ta tøffe avgjersler

Det er truleg heller ikkje berre store ord, for saman med storbyane har fylka lenge vist vilje og evne til å kutte utslepp og legge hovudet på blokka når dei tøffe avgjerslene skal tas.

Ambisjonar er sjølvsagt ikkje det same som handling, men det å setje høge og tydelege mål mobiliserer, særleg i kombinasjon med klimaregnskap, klimabudsjett og målretta tiltak, med tilhøyrande finansiering.

Mellom anna har både Bergen og Oslo fått utteljing for dette, og kunne vise til høvesvis 9,5 prosent og 8,8 prosent nedgang i utsleppa frå 2016 til 2017. (Noregs utslepp har auka med 1,1 prosent sidan 1990.) Bylufta er samstundes blitt reinare, kollektivandelen har gått opp og singelbilisme gått ned.

Bylufta er blitt reinare, kollektivandelen har gått opp og singelbilisme gått ned

Den konkrete viljen til rask omstilling hjå fylka, har ein for lengst sett igjen i både ambisiøse bussanbod, ferjerevolusjonen, hurtigbåtrevolusjonen, oppbygging av hurtiglading og infrastruktur i hamner, utfasing av fossilt brensel, i rolla som pådrivar for utsleppsfri bygg og anlegg og ikkje minst ved å tiltrekke investeringar til grøne fabrikkar, som datasenteret Lefdal Mine Data Center i Nordfjord eller batteriproduksjon som hos Corvus Energy i Bergen.

Ein byrjar også å sjå klare teikn til at grøn verdiskaping og berekraftig optimisme aukar. Det er viktig, for skal ein få til effektiv omstilling, må ein ta ein sterk posisjon innan grøn næringsutvikling både i by og distrikt.

Dei unge får att for innsatsen

På oppdrag frå Klimapartnere utførte Greensight i 2019 ei kartlegging av klimamål nasjonalt, for fylka og for dei ti største byane (Sjå figur 1). Her såg ein tydeleg at det var storbyane i Noreg som leia an i ambisjonsnivået og systematisk klimaarbeid.

Figur 1: iKlimamål nasjonalt, for fylka og 10 største byar 2019. (Kjelde: Klimapartnere)

Etter eit år med omfattande skulestreikar, klimabrøl, kommunar og regionar som erklærte klimakrise og ikkje minst fylkes- og kommunevalet, har vi gjort ei ny kartlegging ved inngangen til 2020.

Det kan verke som om dei unge får stor utteljing for den omfattande innsatsen hjå fylka, for spranget i ambisjonsnivå er stort (sjå figur 2).

Høge ambisjonar og nullutslepp innan 2030, som hos Vestland, Innlandet, Trøndelag og Oslo, ser langt på veg ut til å ha blitt ein ny norm! Det legg lista for dei resterande fylka som er i sluttspurten på arbeidet med å utforme nye klimamål for sine geografiske regioner, som Møre og Romsdal, Rogaland, Agder, Nordland og Troms og Finnmark.

Figur 2: Klimamål nasjonalt, for fylka og 10 største byar, status januar 2020. (Kjelde: Klimapartnere)

Må mobilisere som aldri før

Skal fylka klare å nå sine høge, geografiske ambisjonar, er ein likevel heilt avhengig av at alle spelar på lag; fylka, kommunar, verksemder, privatpersonar og staten.

Heldigvis er mange allereie i front; dei fem største byane og kommunar som Lillehammer, Kinn, Stad, Stord og Bjørnafjorden, har etablert dei same måla og ønsker å dra sin del av lasset og mobiliserer bredt. Klimapartnere utfordrar dessutan alle sine over 200 offentlege og private partnerverksemder frå heile landet om å bli fossilfri innan 2030 og til å bruke si innkjøpsmakt aktivt og strategisk for å skape grøn vekst.

Slik utviklinga ser ut no, vil svært mange fleire bli med på laget i tida som kjem. Det er vel også tvilsamt at dei unge på nokon måte vil stilnast ved inngangen til det nye tiåret, med eit heilt kontinent i flammar. Godt er det, for skal fylka lukkast med nullutsleppsmåla, må det mobiliserast som aldri før!

Lukkast fylka, kan ein kanskje også snarleg få eit meir ambisiøst nasjonalt mål, som er det dei unge eigentleg etterspør. Nullutslepps-Norge innan 2035, for eksempel?

 

Therese Hugstmyr Woie, Hege Skarrud og Embla Regine Mathisen er alle spente på kva Klimakur 2030 vil innehalde. Foto: Natur og Ungdom/Spire/Changemaker

LES OGSÅ

ANNONSE