Identitet

«Det er veldig vanskeleg å innsjå at ein har eit problematisk forhold til mat, kropp og trening»

Jo meir eg trena, og jo meir eg distanserte meg frå venner, skule, familie og min eigen identitet, jo meir fekk eg høyra at eg var «digg», «svær» og «dedikert», skriv Vetle Olsen-Ryum.

Vetle Olsen-Ryum (25)
Frivillig rådgjevar og likemann i ROS (Rådgivning om spiseforstyrrelser)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Du veit den kjensla når dopamin og endorfin fyller kvar einaste blodcelle i kroppen din?

Av og til opplever eg den kjensla gjennom den første kaffikoppen for dagen. Du veit, når ein sit på ein solfylt terrasse ein søndagsmorgon, der den einaste planen for dagen er å gjera absolutt nada.

Andre gonger får eg den kjensla av å spela Fifa med kompisane mine. Ingenting er som å opna ein kald boks Pepsi Max etter ei lang skuleveke, og berre sitja å skåra mål på eit virtuelt TV-spel samtidig som ein snakkar om alt mogleg med sine næraste.

Ekte kompliment

For meg er dei ekte komplimenta ein garanti for dopamin.

Dei ekte komplimenta er dei som faktisk er retta mot meg som person.

Det kan vera at eg er omsorgsfull. Det kan vera at eg har gitt eit godt råd. Slike kompliment inneber at ein føler seg sett. Komplimenta er retta mot min identitet.

Eg er ein gut som har opplevd konsekvensane av at dei ekte komplimenta vart bytte ut med dei overflatiske.

«Flink», «viljesterk» og «kjekk»

På ungdomsskulen hadde eg litt låg sjølvkjensle og sjølvtillit.

Eit plaster på denne svekte sjølvkjensla det var å jakta kompliment.

Ein enkel måte å få desse komplimenta på, det var å endra kroppsleg utsjånad. Jo meir eg gjekk ned i vekt, jo meir fekk eg høyra at eg var «flink», «viljesterk» og «kjekk». Desse komplimenta gav ein 5-minutts kjensle av at alt var bra. I dei fem minutta forsvann den dårlege sjølvkjensla. Etter at dei 5 minutta hadde gått starta jakta på nye kompliment.

Aldri fornøgd

Denne jakta medførte at eg utvikla eitt ønske om å bli tynnast mogleg.

quote-left

Eg vart aldri fornøgd, same kor mange kompliment eg jakta.

quote-right

Det er ei absolutt sanning at dei mørke tankane som kjem ut av ei spiseforstyrring aldri blir fornøgd. Eg vart aldri fornøgd, same kor mange kompliment eg jakta.

Etter kvart utvikla anoreksien seg til muskeldysmorfi. Dette inneber å vera altfor opptatt av å ha størst mogleg musklar. Tankar om vekt, trening og kosthald blir då dominerande og overskyggjer alle andre aspekt ved livet.

Jo meir eg trena, og jo meir eg distanserte meg frå venner, skule, familie og min eigen identitet, jo meir fekk eg høyra at eg var «digg», «svær» og «dedikert».

Det er veldig vanskeleg å innsjå at ein har eit problematisk forhold til mat, kropp og trening når alle rundt deg fortel deg at du gjer noko rett. Jakta på den 5-minutts kjensla av at eg er bra nok, medførte derfor at eg aldri opplevde ei ro utan å leva ut uttrykket til spiseforstyrringa.

Lærdom

Det er mykje ein kan læra av historia mi. For det første viser det at gutar også kan få eteforstyrringar. Dette er eit tema som er alt for underkommunisert og tabubelagt.

Eg skal ikkje sitja her å argumentera for at ein påfører andre eteforstyrringar ved å kommentera på kroppane deira. Eg meiner berre at det er umogleg å vita korleis personen du gir eit kroppsleg kompliment til vil reagera på komplimenten.

Nokon vil berre vera takksame. Andre vil kanskje oppleva mi 5-minutts kjensle og derfor starta jakta på nye kompliment, framfor å snakka om eigne vonde tankar.

I tillegg kan det henda at vedkommande blir redd for å skuffa deg. Om ein gir eit kompliment på utsjånad til ein person som har dårleg sjølvkjensle og låg sjølvtillit, kan det medføra eit behov for den personen til å leva opp til komplimenten. Det kan igjen gi eit anstrengt forhold til mat, kropp og trening.

Bra menneske

Uansett er det ingen som set meir pris på å høyra at dei ser bra ut, samanlikna med kjensla ein får når nokon fortel deg at du er bra som menneske.

Det høyrest kanskje corny og abstrakt ut, men eg opplever at me gløymer å gi kompliment forbi utsjånad i dagens samfunn. Hugs på å fortel venner, kjærast, foreldre, barn og alle kvifor dei er så bra. Svaret er sjeldan at dei er bra fordi utsjånaden deira er i tråd med kroppsidealet i samfunnet. 

quote-left

Om du opplever at mat og kropp tek stor plass i livet, ta kontakt med oss

quote-right

Om du opplever at mat og kropp tek stor plass i livet, ta kontakt med oss i Rådgivning om eteforstyrringar. Når eg innsåg at eg hadde det vanskeleg, gav deira anonyme chatteteneste meg verktøya, tryggleiken og sjølvtilliten til å starta reisa for å bli frisk.

Ein ting er å tora å innrømma at ein har det vanskeleg. Noko anna er å ta tak i dei mørke tankane. ROS var der for meg på begge stadium, og er sterkt bidragsytande til at eg i dag klarer å fortelja meg sjølv at eg er god nok.