Tomine (23) flytta til slummen i Colombia: – Eg vil bu her for alltid

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvardagen i Colombia er annleis på så mange måtar, men der er også ting som er likt. Eg heng med kompisar og vi gjer vanlege ting som å gå på kino. Forskjellen er at når vi går kvar for oss etter dagen, då skal dei sove på kyrkjegolvet fordi dei ikkje har heimar.

Det fortel Tomine Marie Krogh Fornes på telefon til Framtida.no.

Den 23 år gamle sjukepleiaren frå Oslo flytta til Cartagena, ein hamneby heilt nord i Colombia, i august i fjor.

I nokre månadar skulle ho ha eit praktikantopphald som sjukepleiar på eit helsesenter for gravide og deira nyfødde, men no har ho bestemt seg for å verte att – helst resten av livet – for å arbeide i den ideelle stiftinga Fundacion Yo Soy Cartagena.

– Det som går igjen i Colombia, etter 50 år med borgarkrig, fattigdom og korrupsjon, er ei kjensle av håpløyse. Ingen har trua på at ting skal gå betre. Dei har ikkje noko håp knytt til val og liknande.

Stiftinga skal bidra til at colombianarar ser, og kan nytte, mogelegheiter utanfor den bobla mange lever i.

Miste jobben

På denne tida i fjor var omgjevanadane heilt annleis.

23-åringen arbeidde som sjukepleiar i Oslo, på Lamberseterhjemmet. Men i februar same året kom sjokkbeskjeden om at sjukeheimen skulle leggast ned – bebuarane måtte flytte ut og dei tilsette miste jobben.

For Fornes vart dette ein uventa sjanse til å realisere draumen ho hadde bore på lenge. Fleire av vennane hennar, som studerte internasjonale studier, hadde hatt praktikantopphald i den colombiske hovudstaden, Bogotá. Begeistringa deira for landet hadde smitta over på Fornes.

– Det var ei god tid for meg å reise. Så eg sette meg ned og googla «internships i Colombia», fortel ho.

Valet fall fort på den karibiske kystbyen Cartagena.

Utsikt over byen frå katedralen i Cartagena. Den ligg i det historiske sentrumet i byen. Foto: Felipe Ortega Grijalba/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0.

– Hugsar du kva du tenkte då du kom køyrande til byen?

– Eg fekk ein skikkeleg lukkerus, rett og slett. Eg trur eg sa under bilturen at eg ville bu her for alltid. Eg hadde berre ei skikkeleg god kjensle på det.

Fornes skildrar hamnebyen Cartagena som ein plass med eit yrande kulturliv, mykje musikk og dans.

– På utestadar i Noreg er alle borda fulle og dansegolvet tomt, men er her borda tomme og alle dansar.

Det er likevel ingen løyndom at byen også er ein plass med mykje kriminalitet, fortel Fornes.

– Ikkje sjå folk i augo

Då 23-åringen først kom til Cartagena vart ho åtvara mot alt:

«Ikkje sjå folk i augo.»

«Ikkje ta folk i handa, for då gjev dei deg narkotika og ringer politiet.»

«Ikkje ta med bankkortet ditt ut.»

Åtvaringar som kan skremme sjølv den mest reisevande av folk til å tru at heile Colombia er som Netflix-serien Narcos med kokainbaronar på kvart eit hjørne.

Det siste tilskotet til kvardagen i Cartagena, er pitbull-kvalpen Koffi. – Det er også ein grunn til å verte verande her, for pitbullar er ikkje lovlege i Noreg, seier Fornes. Foto: Privat

Etter nesten eit halvt år i byen har Fornes vorte trygg på kva ho kan og ikkje kan gjere, og mykje er sunn fornuft. Ho treng ikkje ta med verdisaker ut og heller ikkje sjekke telefonen på bussen.

Samstundes er 23-åringen overvelda av kor godt ho har vorte teken i mot.

Ho bur i kollektiv med to colombianske vennar, og fortel at ho har vorte nærmast adoptert av familien til ein annan venn, Osmario Darman Gomez:

– Dei kallar meg dottera si, og eg får meldingar kvar dag om kor mykje dei elskar meg, og vil at eg skal verte verande, fortel Fornes.

Ho høyrest nesten overraska ut over kor fort dei har omfamna ho.

Fornes fortel at då ho var sjuk for ei tid sidan sende dei mat heim til ho, sjølv om dei bur førti minutt unna. Maten gjekk frå ein nabo via eit par systrer og enda opp hjå ein som kunne køyre den til Fornes med motorsykkel.

– Eg hadde mat heile veka, konstanterar 23-åringen og ler.

«Eg er Cartagena»

No vil Tomine Krogh Fornes også gje tilbake til lokalsamfunnet ho har vorte ein del av.

Etter praktikantopphaldet som sjukepleiar var over melde ho seg frivillig i stiftinga Fundacion Yo Soy Cartagena.

Den vart starta av kompisen med den hjartevarme familien, Osmairo Darman Gomez, som er fødd og oppvaksen i Olaya, eitt av nabolaga i byen.

Fornes fortel at det er eit av dei mest utsette områda, med mykje fattigdom og kriminalitet.

– Det er eit område der majoriteten av kriminalitet vert utført av barn fordi dei er under den kriminelle lågalderen, og såleis unngår straff. Det er òg bydelen med flest unge mødrer, og flest barn per mor.

Det finst eit drøss med stiftingar i byen, som på ulike måtar bidreg i kvardagen til dei som bur der, men Fundacion Yo Soy Cartagena vil gå eit steg vidare og skape ei haldningsendring:

– Vi vil prøve å endre det grunnleggjande, mentaliteten, slik at folk skal føle seg tryggare og samstundes kan lære noko nytt, fortel Fornes.

Kokte graut til 200 stykk på eit stormkjøken

Arbeidet har allereie rokke å setje spor i bydelen:

– Det første vi gjorde var å gå frå dør til dør, og høyre om bebuarane ville vere med å måle sitt eige og andre sine hus, seier Fornes.

Til saman fekk kring 50 grå trehus friske fargar på ytterveggane, og gatelys utanfor.

Foto: Fundacion Yo Soy Cartagena

– I etterkant sit folk ute på kveldstid, noko dei ikkje kunne før, både fordi dei ikkje kjende kvarandre og fordi det var for mørkt.

For å feire arrangerte stiftinga ein julefest for innbyggjarane, med nokre norske innspel. Saman laga dei graut til nesten 200 oppmøtte, som alle hadde pynta seg.

Foto: Fundacion Yo Soy Cartagena

Festen gjekk av stabelen samstundes som Fornes fekk besøk heimanfrå, av foreldra sine.

23-åringen fortel at ho grua seg litt før dei kom. Foreldra hadde vore skeptiske til at dottera skulle flytte til andre sidan av kloden.

Kva kom dei til å seie no?

– Mamma seier det er det beste augeblikket i hennar liv. Det hadde eg ikkje trudd, med tanke på at her er 40 grader og høg luftfukt, og vi stod og laga graut til 200 stykk på eit stormkjøken, seier Fornes og ler.

Teltkontor på 1 m2

Førebels er arbeidskvardagen variert. Fornes fortel at ho ein dag kan jobbe frå klokka sju om morgonen til midnatt, og den neste i berre tre timar.

Snart skal ho ta til med engelskkurs for både born og vaksne, og på sikt også kurs om seksuell helse. Sjukepleiaren fortel at det er viktig å førebyggje uønska graviditet og seksuelt overførbare sjukdomar, men først må det spanske vokabularet vere endå litt større og kurslokale må stå klart.

Tomine har drøymt om å verte jordmor sidan ho var 11 år og såg på Unge Mødre saman med mora: – Eg hadde to alternativ, å verte gravid eller jordmor. Foto: Privat

I mellomtida arbeider Fornes og Gomez med å spreie ordet og vise fram kva stiftinga skal drive på med:

– No jobbar vi frå boda der mora hans jobbar – i eit telt på ein kvadratmeter – og planlegg på PCen og redigerer bilete til sosiale medium for å få folk til prosjekta og vise donorane våre kvar pengane går.

Samstundes er dei mykje i Olaya, og pratar med dei som bur der. Målet er at bebuarane i bydelen skal involverast så mykje som mogeleg, slik at ein kan utrette noko saman.

– Eg vil trø forsiktig, for eg vil ikkje trakke nokon på tærne – kome utanfrå og vere belærande. Eg lærer jo minst like mykje av dei – og prøvar å tilpasse meg deira kultur. Eg får jo ikkje gjort noko utan å forstå deira standpunkt.

– Ser at vi gjer ein forskjell

Tilbakemeldingane frå andre stiftingar og frå bebuarane, er det som gjev Fornes energi til å halde fram med arbeidet og ei tryggheit på at dei gjer noko rett:

– Vi vil hjelpe på den beste måten, men det er vanskeleg å vete korleis det er. Så eg var uroa for det i starten, men no føler eg at eg kan senke skuldrene litt.

Kvar ein dag får ho meldingar frå folk som lurer på korleis det går og kva dei gjer på. Ho får stadig vekk klemmar frå menneske ho ikkje kjenner, men som har vore med på eitt av prosjekta.

– Det mest rørande med det heile, er at ein ser at ein gjer ein forskjell, seier Fornes.

– Det har vore heilt overveldane.

Foto: Fundacion Yo Soy Cartagena