Studie: Fleire kvinnelege politikarar fører til meir ambisiøs klimapolitikk

Land med fleire kvinnelege politikarar vedtek meir ambisiøs klimapolitikk, viser ein ny studie frå Australia.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange meiner politikarar er ein nøkkel for å greia å møta klimakrisa med nok handling. Ein ny studie viser at kvinnelege politikarar, kan føra til større politiske vedtak, med større slagkraft.

Kvinneleg representasjon – strengare klimapolitikk

Astghik Mavisakalyan er økonomiprofessor ved Curtin University i Australia. Saman med kollega Yashar Tarverdi har ho sett på lovgivarane i 91 land, i studien: Gender and climate change: Do female parliamentarians make difference?

Dei samanlikna prosentdelen kvinner med kor streng klimapolitikk landet hadde.

– Me såg at kvinneleg representasjon i nasjonale styre, fører til at landa tek i bruk strengare klimapolitikk, seier Mavisakalyan til YaleClimateConnections.org.

Ingen andre faktorar forklarar linken

Dei seier det ikkje berre er fordi land som velger inn fleire kvinner, også tilfeldigvis er land som støttar meir miljøvern.

Dei har vurdert alle faktorar, inkludert bruttonasjonalproduktet (BNP) per innbyggar i kvart land, utdanningsnivå og generell politisk orientering. Dei fann at ingen av desse faktorane fullt ut kunne forklara linken mellom kvinnelege leiarar og klimapolitikk.

Meir forsking trengst for å finna ut meir om linken mellom dei to. Likevel seier Mavisakalyan at:

– Det virkar mogleg at klimaendringskampanjar faktisk kan få større gjennomslag på stader der fleire kvinner er i politisk maktposisjon.

Gjennom strengare klimapolitikk, får ein også ned utsleppa. Og som dei skriv i innleiinga til forskingsartikkelen:

–  Kvinneleg representasjon i politikken kan vera eit uutnytta verktøy for å takla klimaendringane.

Christiana Figueres (t.v.) gir lista med klimatilråingar til Sofie Nordvik. Nordvik skal levera lista til FN på klimatoppmøtet 23.september. Foto: Ingvild Eide Leirfall