Då eg var 20: Are Kalvø reiste jorda rundt med Sinead O’Connor på øyret

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sunnmøringen Are Kalvø er velkjent både som forfattar, radiorøst og satirikar.

Allereie som 23-åring vart Kalvø fast spaltist i Dagsavisen, og tre år seinare debuterte han som forfattar med boka Absolutt Oslo.

Sidan den gong har han rokke å gje ut 12 bøker, skrive og spelt i fleire teaterframsyningar, reist land og Stranda rundt som stand up-komikar, samt sett om to musikalar – inkludert den norske versjonen av teatersuksessen The Book of Mormon.

Som «Noregs kanskje morosamaste mann» vart Kalvø også hyra inn då Dagsrevyen fylde 60 år:

Med ei rekkje prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, er det grunn til å tru at peishylla heime hjå satirikaren frå Stranda er veldekorert.

Nyttårsaftan feira Kalvø 50 år, men då han var 20 år hadde han inga aning om karrieren som venta.

Kor var du då du var 20?

Veldig glad for å bli spurt om akkurat dette året. Svaret på kvar eg var då eg var tjue, er: Kvar var eg IKKJE?

Eg var i Thailand, Malaysia, Singapore, Hong Kong, Australia, New Zealand, USA og England. Og Sunnmøre og Oslo. Mellom anna.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Dette var jo året eg i liten grad hadde kvardagar.

Eg hadde tatt ei svært god avgjerd om å reise jorda rundt i månadsvis etter militæret og før eg begynte å studere. Eg hadde jobba mellom anna som skogryddar og som tidenes minst kvalifiserte miljøkontrollør på det lokale landbrukskontoret for å spare pengar.

I starten av januar reiste eg av garde med ein ryggsekk og kom ikkje tilbake til Norge før på slutten av sommaren. Så flytta eg inn på ein studenthybel i Oslo og studerte statsvitskap. Der var det litt meir kvardag, men ikkje mykje.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Jamfør førre svar, så skjedde det ganske mykje det året. Og det er framleis eit av åra i livet mitt eg hugsar mest frå.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg hugsar at eg høyrde mykje på den irske artisten Sinead O’Connor på siste del av jorda rundt-reisa, noko som slår meg som ikkje spesielt festlig musikk til å vere ein ung mann på eventyr, men ho har framleis ei av mine favorittstemmer.

Elles høyrde og såg eg stort sett på folk og gatebråk på denne reisa. I Oslo høyrde eg nok på radio, det har eg alltid gjort, og såg på folk og liv. Eg hadde ikkje tv, veit eg.

Mistenker dessverre også at eg høyrde ein del på gammal musikk, fordi eg trudde det gjorde meg interessant. No veit eg at det berre gjer deg kjedeleg.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Tja. Eg husker ein stor fest i eit lokale i andre etasje der nokon dessverre spelte gitar. Men eg er usikker på om det var ei feiring av tjueårsdagen min eller om det var ein avskjedsfest før den store reisa. Kanskje var det begge deler.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Ei kjensle av at ingenting hasta.

Visste du kva du skulle bli i livet?

På ingen måte.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg hugsar at eg hadde mykje meir sjølvtillit enn eg hadde grunnlag for. Og eg såg fram til å forsyne meg av verda.

  • Har du høyrt Are Kalvø sitt kåseri om nynorsk? «Dersom Clint Eastwood var nordmann hadde han vore leiar for mållaget i Vinje i Telemark»

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Sjarmerande, på sitt vis, men litt klysete, litt skråsikker, litt naiv.

Og slutt å late som om du liker gammal musikk. Det er ikkje interessant.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Ikkje høyr på råd frå sånne som meg. Ting kjem uansett til å forandre seg på måtar som ingen av oss såg for oss.

Les til dømes om Thorbjørn Harr, som reiste til New York for å finne ut om livet som skodespelar var noko for han: – Eg ville vekk og teste ut livet åleine, sånn på alvor

Thorbjørn Harr i rolla som Stein i katastrofefilmen «Tunnelen», som har noregspremiere 25. desember. Foto: