Fjorårets store gleder og skuffelsar for ungdomspartia: Frå debattklima til klima

– Det vert vanskelegare og vanskelegare å ha ein opplyst debatt om vanskelege tema fordi samfunnet vert polarisert, meiner leiaren i Senterungdommen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har spurt alle ungdomsparti-leiarane om å oppsummere år 2019.

Kva har gledd dei mest, kva har skuffa dei mest, og kva håpar dei det nye året har å by på?

Unge Høgre, Unge Venstreog Grøn Ungdom har ikkje svara på førespurnaden.

AUF: – I botnen er vi alle menneske

Det som gledde AUF-leiar Ina Libak mest i 2020 var at ungdomspartiet hennar vann kampen om Lofoten på Arbeiderpartiets landsmøte.

Men det er ikkje det einaste som har gledd AUF-aren:

– AUF vann skolevalget, å få tilbringe så mange dagar med AUF-aktivistar over heile landet som kvar dag står opp for solidaritet og rettferd, skriv Libak i ein e-post til Framtida.no.

AUF-leiar Ina Rangønes Libak brenn for klima og likheitssamfunnet. Foto: AUF

– Kva har skuffa deg mest i 2019?

– At regjeringa held fram å auke forskjellane mellom folk, og innskrenka abortlova, at me framleis manglar den handlinga verda treng for å gjere noko med klimaendringane.

– Kva håp har du for 2020?

– At vi byrjar jobben med å få ned klimagassutsleppa i verda, og at vi får ein politisk debatt som ikkje set menneske i bås. Ingen er berre rusmisbrukar, flyktning eller trygdemottakar, i botnen er vi alle menneske.

KrFU: – Har vorte ete mykje kake

Den største gleda har vore å feire alle gjennomslaga til KrFU i regjering, blant anna merking av retusjert reklame og større bistandsbudsjett! Det har vorte ete mykje kake, fortel Edel-Marie Haukland.

Edel-Maria Haukland er nyvald leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom. Foto: Edel-Marie Haukland/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Samstundes fortel KrFU-leiaren at 2019 har vore ei kontinuerleg skuffelse over kor langt ned i grøftene debattar kan gå:

– Verdidebattar er ofte dei verste. I eit sunt demokrati skal det vere greitt å vere ein del av eit mindretal.

Haukland meiner det kjem usaklege utspel frå begge sider i debattane kring abort, LHBTIQ og julefeiring, og at det stort sett går utover dei ein ynskjer å hjelpe når debattane vert forsura.

– Kva håp har du for 2020?

– At vi får eit betre klima for både offentlege debattar og jordkloden.

Raud Ungdom: – Skuffa over manglande vilje og mot til å ta dei grepa som trengst

Det som gledde meg mest var at Raudt gjorde eit såpass godt kommune- og fylkestingsval som vi gjorde, seier Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund.

Han fortel at partiet fekk høvesvis 3,8 og 3,9 prosent, og er med det knapt under sperregrensa.

– I 2021 passerer vi den forhåpentlegvis!

Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund. Foto: Didrik Sten Ingebrigtsen

Det som skuffa Lund mest i året som har gått er at den politiske og økonomiske eliten held fram som før, trass i dei millionane av unge verda over som streikar for ein annan klimapolitikk.

– Eg er utruleg skuffa over manglande vilje og mot til å ta dei grepa som trengst for å redusere klimagassutsleppa, noko klimatoppmøtet i Madrid også viser.

– Kva håp har du for 2020?

– At vi skal ta inn over oss at verda har ei klimakrise og ei forskjellskrise. Eg trur og håpar at folk i Noreg og i verda vil gjere noko med det.

Senterungdommen: – Eit polariserande år

– Kva har gledd deg mest i 2019?

– Det må vere den fantastiske tilliten Senterpartiet fekk under årets kommune og fylkestings-val. Det er tydeleg at folk er lei av Høgre og Frp si sentralisering, fortel Torleik Svelle.

Den nyvalde leiaren i Senterungdommen syntest det er spesielt stas at så mange senterungdommar fekk tillit frå veljarane:

– Over 200 unge senterungdommar i kommunestyre og fylkesting vil skape ein forskjell for ungdom over heile landet, slår han fast.

På Senterungdommen sitt landsmøte 8-10 november vart 23-åringen Torleik Svelle valt til ny leiar. Pressefoto.

På Senterungdommen sitt landsmøte 8-10 november vart 23-åringen Torleik Svelle valt til ny leiar. Pressefoto.

Svelle synest det er særleg skuffande at de offentlege debatten i mindre grad handlar om politikk, men heller om spel og politisk taktikkeri.

– Samstundes ser vi at det vert vanskelegare og vanskelegare å ha ein opplyst debatt om vanskelege tema fordi samfunnet vert polarisert, påpeikar senterungdomsleiaren.

– Med bompengar og båtflyktningar friskt i minne har dette vore eit polariserande år, og det synest eg er synd.

– Kva håp har du for 2020?

– Eg er heilt sikker på at 2020 kjem til å verte det året der folk verkeleg merkar at Senterpartiet har over 130 ordførarar, og at vi viser at det er ein samanheng mellom det vi seier og det vi gjer.

Samstundes håpar Torleik Svelle at 2020 vert det året der ein legg vekk Eat-rapporten og kan ha ein ærleg og god debatt om korleis ein skal vidareutvikle norsk landbruk, slik at ein kan produsere meir mat på norske ressursar.

– For Senterungdommen sin del håpar eg 2020 vert eit år vi kan bruke på å vidareutvikle politikken vår og finne endå betre løysingar fram mot valet i 2021, fortel Svelle og legg til at han trur Noregs nye grøne industri-eventyr er ei av desse løysingane.

FpU-leiaren gler seg over politiske talent

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud meiner 2019 har vore eit veldig fint år, og synest difor det er vanskeleg å trekke fram berre ein ting som har gledd han mest.

– Men det eg vil trekke fram som noko som verkeleg har gjeve meg glede i 2019, er å sjå unge FpU-arar som utviklar seg til å verte dyktige politiske talent, fortel Svendsrud.

Gjennom interne debattskuleringar og skulevalkamp har han kunna følgje korleis mange har hatt ei enorm utvikling på svært kort tid, og det har gjeve han mykje.

Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud. Pressefoto

– Kva har skuffa deg mest i 2019?

– Det må nok vere at det i det politiske Noreg ikkje er større vilje til å kutte i offentlege utgifter og generelle skattekutt til folk flest.

FpU-leiaren seier vi er inne i ei tid kor dei offentlege utgiftene må reduserast for å oppretthalde ein berekraftig velferdsstat, og at han difor skulle likt å sjå større kutt i offentleg sektor og lågare skattar og avgifter.

Bjørn-Kristian Svendsrud sitt håp for det komande året er at FpU held fram med å vekse, og at endå fleire vert med på laget til framstegsrørsla:

– Og så håpar eg at eg får oppretthalde treninga som eg har starta med.

SU-leiaren: – At unge folk tek til gatene for klimasaka er det viktigaste og beste i 2019

– Årets høgdepunkt må vere å stå saman utanfor Stortinget med 20 000 ungdommar og streike for klima, fortel leiaren i Sosialistisk Ungdom, Andreas Sjalg Unneland.

– Det å sjå at folk over heile landet ta til gatene for klimasaka er det viktigaste og beste som har skjedd i 2019.

Samstundes er årets store skuffelse for Unneland at verdas klimagassutslepp berre held fram med å auke, og at det viser seg så vanskeleg å få ut fingeren og faktisk løyse klimaproblemet.

– Kva håp har du for 2020?

– Eg håpar skulestreikane for klima berre held fram å auke, at vi ser fleire folk som tek til gatene for saker dei brenn for og at vi gjennom det engasjementet som finst i befolkninga klarar å skape eit meir rettferdig samfunn.

Andreas Sjalg Unneland er leiar i Sosialistsik Ungdom. Foto: Beate Haugtrø