Chihiro og heksene kjem på nordsamisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nordsamiske versjonen av animeklassikaren Chihiro og heksene får premiere på Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF) 16. januar og vert tilgjengeleg på utvalde kinoar frå 7. februar.

Det skriv Arthaus i ei pressemelding.

Slik ser den nordsamiske filmplakaten ut. Foto: Internasjonalt Samisk Filminstitutt

Asbjørnsen og Moe ville ha elska det

Då den japanske animasjonsfilmen Chihiro og heksene hadde norsk premiere i 2003 trilla Filmpolitiet seksar på terningen og skreiv at Asbjørnsen og Moe ville ha elska den japanske teiknefilmen.

Filmen er regissert Hayao Miyazaki og produsert av selskapet hans Studio Ghibli, som har gjort stor internasjonal suksess.

Sjå den norske traileren her:

– Hand i hand med samisk mytologi

Den nordsamiske versjonen har tittelen Chihiro ilmmiid gaskkas og er eit samarbeid mellom Samisk filminstitutt, Studio Ghibli, den finske distributøren Cinema Mondo og Arthaus.

Direktør for Internasjonalt Samisk filminstitutt, Anne Lajla Utsi, meiner filmen er grensesprengande for samisk publikum sidan det finst så få filmar på samisk.

– Vi gler oss til å vise kor nydeleg filmens historie går hand i hand med samisk mytologi og i nordsamisk språkdrakt, seier ei stolt Utsi i pressemeldinga.

Ho håpar dette er starten på ein ny gullalder for samisk filmdubbing. Her er ho på bølgjelengd med sametingspresident Aili Keskitalo, som jubla over den nordsamiske versjonen av Frost 2, som hadde premiere første juledag.

Jikŋon 2 og Netflix-film

Chihiro ilmmiid gaskkas er regissert av Sara Margrethe Oskal, som også hadde regien på den nordsamiske versjonen av Frost 2.

Neda Margrethe Labba har stemma til Chihiro. 13-åringen frå Tromsø hadde i fjor stemma til den samiske karakteren Márgu i Netflix-filmen Klaus.

Dette er den vesle jenta Margu i Netflix-filmen Klaus. Ho pratar nordsamisk. Foto: Netflix

Musikar Mari Boine har stemma til storskurken Yubaba, medan Mikkel Gaup er den nordsamiske versjonen av Kamaji, ein eksentrisk mann med åtte bein.

Ole Gabriel Buljo har rolla som Haku, den unge lærlingen til Yubaba.

Den nordsamiske versjonen av filmen er laga i samband med markeringa av FNs internasjonale tiår for urfolkspråk og er finansiert av Samisk filminstitutt, Norsk filminstitutt og Sametinget i Noreg.

Før ho var 19 år var det ingen som visste at Elin Krisina Oskal (23) kunne syngja. No har ho stemma til Anna i den nordsamiske versjonen av Frost 2. Foto: Disney/Privat