Mållaget har ikkje hatt fleire medlemmer på 30 år
Før nyttår melde Noregs Mållag at dei hadde nådd 13.474 medlemmer, det høgaste medlemstalet sidan 1989. No har dei det endelege talet for 2019.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mållaget har nådd eit medlemstal på 13.500 medlemmer. I 2019 har dei fått over tusen nye medlemmer, skriv dei på eiga nettside.
I 2020 vil dei arbeide med saker som framlegg til ny opplæringslov, ny språklov og ei eiga språkmelding.
– I arbeidet med desse sakene er det ekstra viktig å vise styresmaktene kor mange vi er, skriv mållaget på nettsida.
- Les også kva som har skuffa og gledd Norsk Målungdom i 2019: – Det verka som om regjeringa berre hadde tatt omsyn til bokmålsbrukarane