I Oslo vil halvparten kutte forbruket av raudt kjøt

Halvparten av innbyggjarane i hovudstaden vil ete mindre raudt kjøt i 2020, viser ei undersøking frå Nationen. Det er tre gonger så mange som på landsbygda.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spørsmålet som vart stilt av Sentio på vegner av avisa, var: «Verdens helseorganisasjon advarer mot å spise for mye rødt kjøtt. Planlegger du å redusere inntaket av rødt kjøtt i 2020?».

I Oslo svarte 50 prosent av dei spurde at dei ønskte å kutte inntaket. På landsbygda var det 16 prosent som svarte det same. 

Har du tenkt å redusere inntaket av raudt kjøt i 2020?

Har du tenkt å redusere inntaket av raudt kjøt i 2020?

Ja, veldig! 9
Ja, litt. 7
Nei, ikkje i det heile. 28
Veit ikkje.43
Svar totalt: 87

 

Då avisa stilte same spørsmål i 2018 svarte 41 prosent av Oslo-folk at dei ville kutte raudt kjøt, medan resultatet var 21 prosent på landsbygda.

Det har dermed vore ein auke i talet på personar i Oslo som ønskjer å kutte i forbruket av raudt kjøt, skriv Nationen.

Undersøkinga vart gjennomført blant eit representativt utval på 1.000 personar over 18 år i perioden 3.–7. desember.