Trur at nær 500 millionar dyr er daude etter brannane i Australia
Ekspertar fryktar at heile artar er gått tapt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan september har det vore rekordmange ekstreme skogbrannar i Australia. Brannane har øydelagt fleire tusenvis heimar og teke 18 menneskeliv, ifølgje BBC.
I tillegg går brannane hardt ut over natur og dyreliv.
480 millionar dyr råka av brannane
Økologar ved University of Sydney anslår at 480 millionar pattedyr, fuglar og krypdyr har døydd i eller blitt hardt råka av brannane.
Truleg er også åtte tusen koalaar, ein tredjedel av koala-stamma, omkomne etter at 30 prosent av det viktigaste habitatet deira i New South Wales har brunne.
Også fuglar og andre dyr har døydd av heteslag og mat- og vassmangel.
Kangaroos group escape the forest fires that devastate several areas of #Australia#AustralianFires #AustraliaBurns pic.twitter.com/vnnBcUeY2L
— Feliz Worldwide News (@felizworldwide) December 31, 2019
Forskar Chris Dickman fortel 7NEWS.com.au at desse er hardt råka, sjølv om kanskje ikkje alle er daude.
– Fuglar kan fly vekk og koma tilbake, nokre reptilar kan ha gått under bakken, men sjølv om nokre dyr kan ha klart å koma seg vekk, risikerer dei også å bli etne.
Han fortel at det vil bli eit langvarig problem å få bygd opp australske dyrelivsbestandar igjen.
– Mykje vil utan tvil vera svært negativt påverka av desse brannane.
Mark Graham, økolog i Naturvernrådet, fortalde i ei utgreiing at koalaane ikkje har kapasitet til å rømma frå brannane.
– Me har mista ein enorm del av kjent koala-habitat, og kan seie utan tvil at det vil vera kontinuerleg nedgang i talet på koalaar frå no av.
I utrekninga som kom fram til 480 millionar råka dyr, er det gjort konservative anslag og i pressemeldinga kjem det fram at dei trur det reelle dødstalet er endå høgare.
A firefighter helped a thirsty #koala drink water from a bottle on Sunday in Australia while fires raged across the region pic.twitter.com/0Dr9YgfmvX
— Golden Retrievers ❤️ (@Woof2017) December 25, 2019
18 personar har omkome
Knallraude, røyklagde bilete frå flammehavet i Australia har prega nyhenda dei siste vekene. Omlag 100 brannar brenn framleis i delstatane New South Wales og Victoria.
Australia is burning.
The city of Mallacoota is completely surrounded by flame and 4,000 people have been forced to flee and seek shelter on the beach.
We need to act on climate change. This cannot be our new normal.
— Joshua Potash (@JoshuaPotash) December 31, 2019
Folk er utan straum, nokon også utan drikkevatn. Torsdag var det masseevakuering av fleire titalls tusen menneske og i fleire dagar har folk evakuert til strendene.
Over 40.000 kvadratmeter
This the view from the top of the Tasman Glacier NZ today – whole South island experiencing bushfire clouds. We can actually smell the burning here in Christchurch. Thinking of you guys. ?#nswbushfire #AustralianFires #AustraliaBurning pic.twitter.com/iCzOGkou4o
— Miss Roho (@MissRoho) January 1, 2020
Det er rapportert flammar så høge som 70 meter. Skogbrannane har øydelagt fleire enn 1000 heimar, og ein reknar at meir enn 40 000 kvadratmeter med skog og naturområder er brunne.
Det er eit område på storleik med Danmark.
90 prosent frivillige
Omlag 90 prosent av dei som jobbar med å sløkja brannane, er frivillige som gjer jobben utan betaling, ifølgje NSW RFS, som leier arbeidet mot brannane.
The crew from Fire and Rescue NSW Station 509 Wyoming recorded this video showing the moment their truck was overrun by the bushfire burning South of Nowra. The crew was forced to shelter in their truck as the fire front passed through. #NSWFires #ProtectTheIrreplaceable pic.twitter.com/Hb0yVrefi9
— Fire and Rescue NSW (@FRNSW) December 31, 2019
Statsministeren vil ikkje fasa ut kolindustrien
Statsminister Scott Morrison har vore utsett for hard kritikk sidan brannane starta. Fleire meiner han må ta ansvar for at Australia gjer for lite i møte med klimakrisa.
Landet er til dømes i gong med utviding av kolindustrien. I tillegg er dei, som Noreg, avhengige av kjøp av klimakvoter for å nå sine klimamål og forpliktingar i Parisavtalen.
23. desember gjorde Morrison det likevel tydeleg at brannane ikkje vil føra til utfasing eller kutt i kolindustrien.
– Australia handlar i møte med klimaendringane. Det me ikkje vil gjera er å bli med på uvøren øydelegging av jobbar og økonomi.
Han meiner kritikarar av regjeringa sin klimapolitikk, utnyttar nasjonale katastrofar.
Brannane gjer det også vanskelegare for landet å nå sine klimamål. På grunn av brannane har dei sidan august aukt klimagassutsleppa sine med 250 millionar tonn. Halvparten av Australia sitt totale utslepp i 2018.
Luftkvaliteten i Canberra, hovudstaden, er no den verste blant alle verdas store byar.
- Les også: Amazonas står i full fyr