Veka i bilete

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brann i Australia

Det brenn stadig i Australia og folk rundt Sydney er blitt bedne om å flykta. Byen er innhylla i røyk. Seks personar er omkomne, og brannmannskapa får ikkje kontroll over brannane som sprer seg i Australia.

Thick smoke from wildfires shroud the Opera House in Sydney, Australia, Tuesday, Dec. 10, 2019. Hot dry conditions have brought an early start to the fire season. (AP Photo/Rick Rycroft)

For andre gong på rad vart det torsdag meldt tidenes varmaste gjennomssnittstemperatur i landet, på 41,9 grader.

Down under ber dei altså ikkje om kvit jul i år, men ei våt jul. Det er meld tørrare og varmare vêr enn normalt heilt fram til mars 2020.

Torsdag erklærte New South Wales, staten med flest innbyggjarar i landet, ei sjudagars krisetilstand etter omlag 100 skogbrannar.

Og folk har måtta ty til ekstraordinære tiltak for å koma unna brannane. Her er Luke Sturrock (12) som var åleine heime, og såg seg nøydd til å setje seg sjølv og familiehunden i broren sin bil og køyra bort, før han vart oppdaga av brannmenn ein time seinare.

Trump vart stilt for riksrett

Ei historisk hending. Donald Trump er no den tredje i heile USA si historie som har blitt stilt for riksrett. Blir han dømt, blir han den første.

Pelosi er speaker i Representantane sitt hus, der demokratane denne veka vedtok at Trump skal stillast for riksrett. No skal saken vidare til Senatet (der Republikanarane har fleirtal), som har ansvaret for å gjennomføra riksrettssaks.

Speaker Nancy Pelosi på Capitol Hill i Washington, 18.desember 2019, etter at dei stemte for å stille Trump for riksrett for maktmisbruk og å hindra Kongressen. (AP Photo/J. Scott Applewhite)

Nyval i Storbritannia

Brexit-saka har vore ei mare for toppolitikarane i Storbritannia sidan folkeavstemminga i 2016, der eit fleirtal stemte for å melde seg ut av EU.

Torsdag denne veka vart det halde nyval, fordi dei ikkje greidde å koma til semje om Brexit. Boris Johnson og Det konservative partiet vann og får flerital i Underhuset og vil kanskje kunne få gjennom Brexit snart.

I samband med valet opna Dronning Elisabeth II det nye parlamentet på torsdag.

Britain’s Queen Elizabeth II walks with Prince Charles through the Royal Gallery before delivering the Queen’s Speech at the State Opening of Parliament ceremony at the Palace of Westminster and the Houses of Parliament in London, Thursday, Dec. 19, 2019. (AP Photo/Matt Dunham, Pool)

Demonstrasjonar i India

I India har det no kome ei ny statsborgarskapslov, som legg religiøse omsyn til grunn for statsborgarskap. Lova opnar for at innvandrarar frå nabolanda Afghanistan, Pakistan og Bangladesh kan få statsborgarskap, men gjeld ikkje for muslimar.

Nestan to millionar menneske i Assam vart fjerna frå lista over registrerte borgarar og må bevisa at dei er statsborgarar, ifølgje Aftenposten. Fordelinga er om lag 50 prosent hindu og 50 prosent muslimar.

Politimenn brukar batong mot ein mann under ein av protestane torsdag 19.desember. (AP Photo/Ajit Solanki)

Lova skal prøvast i høgsterett, og humanitære organisasjonar kritiserer lova for å vera i strid med grunnlova og eit sekulært India. Demonstrantane fryktar at styresmaktene med dette ynskjer ein hindunasjonalistisk stat.

Omlag 1500 er pågripne i protestane, fleire hundre er skadde og ni personar har til no mista livet. Regjeringa har stengt av internett og det er innført portforbod på kvelds- og nattestid.

Demonstrantar ropar slagord nær historiske Det raude fortet i New Dehli, torsdag 19. desember. Liknande demonstrasjonar føregår over heile landet. (AP Photo/Altaf Qadri)

Japansk #metoo-sak førte til dom

I Tokyo har frilans-journalist Shiori Ito (30) vorte eit symbol på #metoo, etter at ho anklaga ein japansk medietopp (53) for å ha valdteke henne.

I 2017 vart det gjort ei undersøking som viste at berre 4 prosent av valdtektsofra i Japan gjekk til politiet for å anmelda overgrep.

Politiet la først vekk saka hennar mot mannen, som også er kjend for å ha tette band med statsminister Shinxo Abe. No er mannen dømt til å betala nestan 300.000 kroner i erstatning til 30-åringen.

Frilans-journalist Shiori Ito (30) med eit skilt der det står «eg vinner rettssaka», onsdag 18. desember. (AP Photo/Jae C. Hong)

Protestar for frigjering av Catalonia

Onsdag spelte Real Madrid mot Barcelona på sistnemnde sin heimebane, Camp Nou. Det var duka for El Clasico. Kampen skulle eigentleg vore i oktober, men vart utsett på grunn av uro i Catalonia. Når dei no spelte, var det nye uavhengigheitsdemonstrasjonar utanfor stadion.

Mange tusen katalanske som ynskjer frigjering frå Spania, demonstrerte rundt og inne i Camp Nou. Samstundes var det også fleire tusen politibetjentar og vektarar i Barcelona og rundt stadion for å sikra at den mykje sette kampen ikkje vart forstyrra av opptøyane.

Uavhengigheitsdemonstrasjon frå katalanske demonstrantar utanfor Camp Nou i Barcelona, 18.desember 2019. (AP Photo/Joan Mateu)