– Likestillingskampen vil løne seg for alle

Dette ynskjer Unge funksjonshemmede og Norges Handikapforbunds Ungdom frå det komande året.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har spurt leiarane i ungdomsorganisasjonar om tre spørsmål for å oppsummere året som har gått – oppturar og nedturar – og kva dei håpar på i 2020.

– Handlingsplanen var ikkje hardcore likestillingspolitikk

Generalsekretær i Unge Funksjonshemmede, Leif-Ove Hansen. Foto: Åsmund Holien, Unge Funksjonshemmede

Det som gledde Leif Ove Hansen mest i 2019 hende allereie i januar, då han vart generalsekretæren i Unge funksjonshemmede:

– Å få jobbe interessepolitisk på vegner av 37 organisasjoner og over 25 000 ungdom med funksjonsnedsetjing eller kronisk diagnose er fantastisk!

– Kva har skuffa deg mest?

Handlingsplanen for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing var ikkje hardcore likestillingspolitikk, som lova frå regjeringa.

– Kva er ditt største ønske for 2020?

– At vi får ein skikkeleg nasjonal strategi for sjeldne diagnosar! For oss alle så står mykje på spel, viss vi ikkje klarer å ha eit helsevern for dei som treng det mest!

– Likestillingskampen vil løne seg for alle

For Tamarin Varner, leiaren i Norges Handikapforbunds Ungdom, har den største gleda i 2019 vore alle ungdommane som har vorte med i organisasjonen, og å sjå kva dei har oppnådd i lokallaga sine.

Foto: Privat

– Utan våre medlemmar i det norske land hadde likestillingskampen for funksjonshemma vore død.

– Og så er eg stolt over kor synlege NHFU har vore i media med politiske saker for å spreie vår bodskap. Det at vi backar kvarandre uansett kor stor eller lita ei sak er, og kor vanskeleg det kan vere å stå i media og kampen for likestilling.

– Kva har skuffa deg mest?

– Det som har gjort meg mest opprørt og skuffa er kor mykje krefter det tek og kor vanskeleg det er å få politikarar til å forstå vår likestillingskamp, og at det vil løne seg for alle i det lange løp.

Samstundes vert NHFU-leiaren veldig skuffa over at all kunnskapen som ungdom med funksjonsnedsetjing har vert undervurdert fordi det vert forventa så mykje mindre av dei, når dei vil det motsette:

– Nemleg å få tillit og utfordringar fordi vi er gode på vår måte.

– Kva er ditt største ønske for 2020?

– Eg har to viktige ønske som vil løne seg for heile samfunnet: at CRPD (konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne) vert inkorporert i norsk lovverk og at alle som treng nok BPA-timar skal få det for å leve likestilte og verdige liv, slik at ein får delteke og bidrege til samfunnet slik som einkvar likestilt borgar.

Ida Hauge Dignes, sentralstyremedlem i Norges Handikapforbunds Ungdom, skriv at funksjonshemma blir diskriminert i Noreg i dag. Foto: Privat