Pengegåve skal få unge til å ta utdanning i Ryfylke

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom ungdommane i Suldal og Sauda ikkje vel den næraste vidaregåande skulen, flyttar dei til stadar som Stavanger, Haugesund og Strand. Då er det ein fare for at dei ikkje flyttar heim att.

– Dette er eit forsøk på å snu trenden, seier Suldal-politikar Kari Vaage Gjuvsland (Ap) til NRK.

Stort rekrutteringsbehov

Dette skuleåret valde 25 prosent av tiandeklassingane frå Suldal Sauda vidaregåande. I 2015 var talet heile 80 prosent. Politikarane vonar at pengane skal sørge for at fleire no vel yrkesfag.

For næringslivet i Suldal og Sauda treng fornying.

– Eramet Sauda kjem til å skifte ut bortimot halve arbeidsstyrken sin i perioden frå 2019 til 2029, så behovet for nyrekruttering er betydeleg, seier Erik Aareskjold, som er HR-sjef ved smelteverket Eramet Sauda, som er hjørnesteinsbedrifta i bygda.

Då passar det dårleg at det i haust berre var éin elev som søkte på linja for kjemi og prosess.

Ina Martine Brendø er 1. fylkesnestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.