24. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2019

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2019?

Juleheisen er komen fram til samtida! Men kanskje det står dårleg til med korttidsminnet? (Eventuelt har det føregått så mykje dette året, at det er vanskeleg å halde styr på alt.) Vi oppsummerer litt uansett:

Det har vore protestar og demonstrasjonar i heile verda: Frå pensjonsstreik i Frankrike og demokratistreik i Hongkong, til bensinprisprotest i Iran og demonstrasjonar mot kvinnevald i Chile. På toppen kjem dei tallause skulestreikane for klimaet over heile verda.

Samstundes har det vore store, langvarige og øydeleggjande brannar både i Amazonas og i Australia, og i april stod det franske landemerket Notre Dame i full fyr.

I Noreg har dei fleste av oss følgt nøye med på Lørenskog-forsvinninga som vart offentleg i januar, utviklinga på Wara-saka og justisminister-karusellen og endeleg Nav-skandalen.

Dette lytta me til

Året er enno ikkje over, men ein av dei som verkeleg har sett sitt preg på musikkåret 2019 er nykommaren Lil Nas X.

«Old Town Road» har vore innom førsteplass på VG-lista tre separate gongar, og regjerte i åtte veker til saman.

Dette såg me på kino

Heller ikkje kva årets mest sette film er heilt spikra, for det kan jo vere at éin million nordmenn troppar opp på kino for å sjå Frost 2 når den kjem i romjula. Då vert det naturleg nok endringar i toppsjiktet.

Til no er i alle fall dette den soleklare leiaren på kinotoppen:

https://media.giphy.com/media/8ciRouaV0VnjR38917/giphy.gif

Enormt mange nordmenn ville sjå Løvenes Konge (som dei garantert veit korleis endar), og heile 618 184 billettar har vorte selde.

På ein solid andreplass kjem Avengers: Endgame med 520 135 besøk. Filmen var avslutninga på Marvel sin superheltsaga som har vart i 11 år og gjennom 22 filmar. (Har du tenkt å sjå desse i romjula, men er usikker på korleis dei eigentleg heng saman? Sjå her!)

https://media.giphy.com/media/Z9QGyT1RQL00318Lzz/giphy.gif

Endgame gjekk ikkje heilt til topps i Noreg, men den vart den mest innbringande filmen noko sinne, så det går nok fint.

På ein respektabel tredjeplass ligg Jokeren med 444 700 besøkande.

Om du ikkje er ein av dei som har sett Løvenes Konge, og er skeptisk til kor vidt animerte løver klarer vise det same kjenslespekteret som teiknefilmen, her er traileren: 

Dette sa me

Årets ord var klimabrøl, og Språkrådet meinte ordet viser den kraftfulle og alarmerande styrken i klimaengasjementet til dei unge. På kortlista stod også klimaglosene kjøtskam og havvind.

Sjå videoen av folkehavet som brølte framfor Stortinget: 

2019 har vore eit heidundrande år for klimaengasjement. Skulestreikar for klimaet har spreidd seg over heile verda, og i Noreg har det vore tre nasjonale streikar og tallause mindre sjølvstendig arrangerte protestar.

Rop og krav frå barn og unge under skulestreiken for klima fredag 30.august. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Den fremste representanten for unge sitt klimemedvite og «årets person» er sjølvsagt Greta Thunberg.

Uredd har ho møtt opp i nokre av verdas mektigaste forsamlingar og fortalt statsleiarar frå fjern og nær at dei ikkje gjer nok, og ungdomsgenerasjonen i dag krev endring.

https://media.giphy.com/media/Ph0JXiCTIcPLefnKjr/giphy.gif

Dette hadde me på oss

Me skulle gjerne ha på oss kule og fargerike retro-klede, som gav oss vibbar til 90-talet.

Litt som Julie Bergan:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

ADVERTISEMENT // At a lil rehearsal for something fun you can see on Friday ❤️ @filaeurope

Et innlegg delt av julie bergan (@juliebergan)

Dette lo me av

Area 51: Me lo av amerikaneren Matty Roberts som laga ei Facebook-hending, der han føreslo å storme Area 51 i Nevada. Area 51 er ein amerikansk militærbase og eit stort mysterium. Ingen «vanlege folk» veit kva som føregår der, og det er difor naturleg å spekulere og konspirere.

Roberts oppmoda difor til at ein skulle ta seg inn på basen for å «see them aliens».

Det var tenkt som ein spøk, men 1,9 millionar menneske svara at dei ville delta og 1,4 millionar var interesserte. Den enorme populariteten gjorde at det amerikanske luftforsvaret måtte svare, og dei sa som venta at folk burde halde seg unna.

Lil Nas X heiv seg også inn i meme-festen:

Men, heilt ærleg, om fleire millionar menneske hadde sprunge mot basen på denne måten, hadde militæret klart å halde dei ute?

Bottlecap Challenge: Samstundes lo me av den siste internett-utfordringa, nemleg Bottlecap ChallengeKjendisane konkurrete om å sparke korken av ei flaske på mest dramatisk vis.

Slike utfordringar let sjølvsagt ikkje Framtida-redaksjonen gå forbi:

Dette snakka me om

1. Sjaman Durek

I mai vart det offentleggjort at prinsesse Märtha Louise hadde fått seg ny kjærast, ein amerikanar som heitte Durek Verrett. Han var sjaman. OK.

Det tok ikkje lang tid før det nyforelska paret skapte overskrifter – først ein heil diskusjon om kor vidt prinsessa kan bruke tittelen sin i kommersiell samanheng, men seinare om sjamanen sine mange utsegner.

Han har delt opent om sitt (og då også prinsessa sitt) sexliv og hevda kvinner med mange sexpartnarar vert merka, men det var særleg då boka Spirit Hacking skulle kome til den norske marknaden at mange sette kaffien i halsen.

Foto: Daryl Henderson / NTB scanpix

I boka stod det mellom anna skrive at kreft kan vere sjølvpåført, til dømes gjennom problem i ekteskap eller arbeidsliv, og at dødelege sjukdomar kan oppstå fordi ein ikkje lenger ynskjer å leve.

Dagbladet sin melder Cathrine Krøger trilla ein 1-ar på terningen og kalla det heile «Gal manns tale», og forlaget Cappelen Damm stoppa boka. (Boka kjem i revidert utgåve på eit anna forlag.)

Durek Verrett vart kraftig forbanna på norsk presse, og skulda pressa for å mobbe han, men har seinare teke imot råd frå Kronprins Haakon og unnskylda seg.

2. Lady Gaga og Bradley Cooper

I 2018 kom filmen A star is born med Lady Gaga og Bradley Cooper i hovudrollene. På skjermen hadde dei ein romanse, og heile verda tenkte: Kva om dei også har ei romanse på ekte!?

https://media.giphy.com/media/1eEDCYTqvNj8IOJdh0/giphy.gif

Og så var spekulasjonane i gang, trass i at dei begge var i etablerte forhold då filmen kom ut. Lady Gaga var forlova med Christian Carino og Bradley Cooper var saman med modell Irina Shayk.

I februar i år kom nyheita om at Lady Gaga sitt forhold hadde rakna.

Parentusiastane fekk endå meir vatn på mølla då Lady Gaga og Cooper nokre dagar seinare opptrådde saman på Oscar-utdelinga, og verkeleg la sjela i framføringa:

Då Bradley Cooper og Irina Shayk også gjekk frå kvarandre i juni, så la sladderbladet In Touch saman 4+4 og fekk 1563, og annonserte at ikkje berre hadde Cooper forlete Shayk for Gaga, men Gaga var i tillegg gravid!

Ryktene har fleire gongar vorte avkrefta, men kva hjelper no det når ein ser på kvarandre slik?

https://media.giphy.com/media/dYQ9x1sX1u1dIuLXG8/giphy.gif

Dei måtte jo vore skodespelarar eller noko for å klare å late som så overbevisande.

3. Game of Thrones-finalen

Det var såklart ikkje venta at når Game of Thrones skulle takke for seg etter åtte lange år, så skulle serien gå stilt i dørene. Men kven hadde sett føre seg at det vart så mykje skriveri og opprørte sjeler?

Nesten 2 millionar undeskrifter vart samla inn for å få laga om att siste sesongen. Kritikarane var heller ikkje særleg nøgde med det dei såg – nokre kalla den kjedeleg, andre hevda den var elendig skrive, og ein klisjé.

(Det var sjølvsagt også mange som likte slutten, Framtida.no-redaktøren inkludert, men fornøgde folk er ikkje like morosame på Twitter.)

 

4. Kylie Jenner

Kylie Jenner, den yngste av Keeping up with the Kardashian-systrene, har skapt mange overskrifter og mykje pauseprat i år.

Heilt i starten av januar vart sosiale medium-dominansen hennar utfordra av eit egg. Kylie Jenner hadde då verdsrekorden i likarklikk på Instagram, på det første biletet ho delte av dottera ho har med artisten Travis Scott hadde heile 18 millionar trykt på hjarte.

Men den veldig målretta kontoen world_record_egg hadde ei høne å plukke med Jenner. Rekorden vart kapra:

Kylie Jenner tok det nok ikkje så tungt, for kort tid seinare fekk ho ein anna rekord som skal litt meir til å miste.

I mars 2019 vart den då 21 år gamle Jenner utpeika som verdas yngste dollarmilliardær som har bygd opp formuen sin sjølv.

Pengane har ho tent på sminkemerket sitt, Kylie Cosmetics. Jenner eigde tidlegare heile selskapet åleine, men i november selde ho 51 prosent til skjønnheitsselskapet Coty, Inc. og tente nette 600 millionar amerikanske dollar.

https://media.giphy.com/media/lptjRBxFKCJmFoibP3/giphy.gif

Som om ikkje det var nok, i slutten av oktober fekk Kylie Jenner også synt fram ei ny side av seg sjølv. I ein video der ho syner fram kontorlokala sine, vekker ho dottera si med ein liten trall som fenga Internett:

Den ti korte sekunda vart til og med gjort om til ein song, sjølv om dottera, Stormi, føretrekker anna musikk:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

daddy’s girl ???

Et innlegg delt av Kylie ✨ (@kyliejenner)