Har du fått med deg #bottlecapchallenge?
I år skal du sparka korken av flaska. Her er historia bak den nyaste internett-hypen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Internettfenomenet #bottlecapchallenge vart bokstaveleg talt sparka i gang av Farabi Davletchin.
Den kasakhstanske taekwondoutøvaren har Instagram-kontoen farakicks. Der la han førre veke ut ein video der han snurrar rundt og sparkar korken av ei flaske:
Med emneknaggen #farakickschallenge sendte han utfordringa vidare til den tidlegare MMA-utøvaren Conor McGregor og actionheltane Jackie Chan, Jean-Claude Van Damme og Jason Statham.
I første omgang ser det ut til at dei ikkje beit på agnet, men så kom designaren Errolson Hugh på banen og introduserte emneknaggen #bottlecapchallenge:
Derifrå gjekk korken vidare til MMA-utøvaren Max Holloway:
Se dette innlegget på Instagram
Og herifrå vert det interessant, for Holloway sparka utfordringa vidare til musikar John Mayer.
Og kvinnebedåreren kan meir enn å smelte ungpikehjarte:
Se dette innlegget på Instagram
Då han fekk utfordringa på nytt, leverte Statham varene så til dei grader:
Og så kom McGregor, som nytta høvet til å snika inn litt alkoholreklame:
Se dette innlegget på Instagram
Statham sparka vidare til regissør Guy Richie (som ikkje har levert enno) og kampsportutøvar James Moontasri, som løyste det på ståande fot:
…og no er internett fullt av folk i alle aldrar som sparkar flasker, som denne kick ass-jenta:
Se dette innlegget på Instagram
Og medan me ventar på Jackie Chan tok Framtida.no redaksjonen utfordringa. Sjå korleis det gjekk her: