Miljøvernarar og pressefolk møtte den svenske 16-åringen då ho gjekk i land i Lisboa tysdag.
– Ikkje undervurder krafta i sinte barn. Vi er sinte og frustrerte, og det er gode grunnar til det, sa Thunberg, som står i spissen for ei internasjonal rørsle av ungdommar og barn som krev at meir blir gjort for å stanse klimaendringane.
Nektar å fly
Thunberg nektar å fly sidan flyreiser medfører store CO2-utslepp. Ho reiste med seglbåt frå Europa til USA i august for å delta på FNs klimatoppmøte i New York – og returen har òg føregått med seglbåt.
16-åringen og faren hennar Svante fekk skyss over Atlanterhavet med dei australske youtubarane Riley Whitelum og Elayna Carausu.
– Ikkje tilrådd å krysse Atlanteren
Thunberg skal vidare til Madrid for å delta på FNs klimakonferanse COP 25.
Tidlegare var planen at møtet skulle haldast i Chile, men det vart flytta på grunn av opptøyane og dei omfattande demonstrasjonane der.
Dermed måtte Thunberg raskt endre reiseplanane og setje kursen mot Europa i staden for Sør-Amerika.
– Det er ikkje tilrådd å krysse Atlanteren på denne tida av året. Det har vore ei spennande reise, seier Riley Whitelum.
