Veka i bilete

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein politikamm går på ein kollapsa bygning i Durre, vest i Albania, torsdag 28.november. Håpet var å finna nokon i live i steinrøysa.(AP Photo/Visar Kryeziu)

Jordskjelv i Albania

Eit jordskjelv med styrke på 6,4 ramma Albania natt til tysdag. Skjelvet var så stort at dei merka det i fleire naboland. Minst 31 menneske har omkomme, medan over 650 er skada. Ifølgje Albanias Røde Kors er rundt 100.000 ramma av jordskjelvet og 30.000 treng akutt hjelp.

Folk stod samla framfor “Palace of Fine Arts” under ei lysmarkering 25.november. (AP Photo/Marco Ugarte)

Kvinner i Mexico demonstrerer mot vald

Måndag var den internasjonale FN dagen for avskaffing av vald mot kvinner. Dette vart markert fleire stader i verda, men særleg Mexico markerte seg. Ikkje rart når det er eit av landa i verda med mest vald mot kvinner.

Ifølgje FN vert 12 kvinner drept til dagen, på grunn av sitt kjønn, i Latin-Amerika. Heile 14 av dei 25 landa, land med dei høgaste tala for drap på kvinner i verda og 98 prosent av kjønnsrelatert mord, vert aldri handsama i retten.

I 2018 var det 3,662 kjønnsrelaterte mord av kvinner i Mexico, ifølgje styresmaktene i landet.

Ei kvinne held opp ein plakat der det på spansk står: “Fram til de å leve i Chile ikkje kosta deg ein del av andletet”, under ein demonstrasjon i sympati for dei som har blitt skada av politiet. Frå torsdag 28. november. (AP Photo/Esteban Felix)

Protestar i Chile

Neste veke skulle det eigentleg vore klimatoppmøte i Chile, men på grunn av store demonstrasjonar og uro, måtte det flyttast.

18.oktober starta demonstrasjonane: folk er misnøgde med store økonomiske forskjellar i landet. Då prisen på T-banebillettar steig i Santiago, byrja studenter og andre unge å demonstrera. Sidan då har det eskalert.

På fire veker er 22 menneske omkomne, følgje NRK, og Human Rights Watch meiner at chilensk politi bryt med menneskerettane.

Aftenposten melder at over 200 demonstranter har fått augeskadar etter å ha blitt skotne på med haglpatronar av politiet i Chile. No har ein lapp over auge blitt eit symbol.

Ein is-skulptur vart sett på plassen der statsminister Boris Johnson skulle stått, under ein klimadebatt. (Kirsty O’Connor/Pool Photo via AP)

Boris Johnson vart til is

Alle partileiarane i England var invitert til ein debatt om klimaendringar på Channel 4, torsdag. Men statsminister Boris Johnson, og Nigel Farage, leiar av Brexit-partiet, vill ikkje stille opp.

Så på plassane der dei skulle stått, var det i staden plassert to isskulpturar med logoane til partia dei på. Smeltande gjennom programmet var dei ei påminning om kva dette handlar om.

Johnson og partiet har no kome med truslar mot kanalen, om at dei kan få færre ansvarsområde dersom dei vinn valet.

Kalkunane Bread og Butter vart benåda av president Trump.Her på hotell-rommet sitt på Willard InterContinental Hote.(AP Photo/Jacquelyn Martin)

Thanksgiving

Måndag var det kalkunfest på Willard InterContinental Hotel i Washington USA. Amerikanarane et som regel kalkun til Haustakkefesten (Thanksgiving) 29.november.

Kvart år er det blitt tradisjon at presidenten benådar ein (eller to, som i år). Tysdag vart dei benåda av Trump.

Du kan knapt sjå nokon figur med berre augo, men med hjelp av kunstig intelligens klarte forskarane å finna figuren. (Foto: Yamagata University/IBM)

Teikningar i Peru

For første gong har forskarar funne ein geoglyf ved hjelp av kunstig intelligens.

I Peru har Nazca-linjene lenge vore ein kjend turistattraksjon, og noko forskarane enno ikkje veit heilt kvifor eksisterer. Gigantiske figurar er rissa inn i fjella og Nazcaørkenen. Ein reknar at desse har blitt laga rundt 500 år før til 500 år etter vår tidsrekning.

No har japanske forskarar funne ein ny figur, ved hjelp av kunstig intelligens. Den er omlag fire meter lang, to meter brei og ser litt ut som eit menneske med hovudpynt og ein pinne i handa.

Zlatan Ibrahimović vart denne veka utsett for hærverk. Foto: Andreas Hillergren/AP

Zlatan utsett for hærverk

På bilete ser me ein blå plastpose og eit toalettsete som heng på armen til statuen av den svenske fotballspelaren Zlatan Ibrahimovic, utanfor Malmø stadion. Bilete er teke onsdag 27.november. Teksten nedst er: «Flyttast straks til Södermalm». 
Statuen har også blitt sett fyr på. På asfalten framfor hadde nokon tagga «Cigani dö». Cigani er eit betyr «sigøyner». 
Også leiligheita hans i Stockholm vart vandalisert: «JUDAS» står det spraytagga på inngangsdøra hans.
Det er fotballfans frå Malmø som har gjort hærverket, etter at dei vart rasande fordi han kjøpte ein andel i Harmmarby, ein rivalklubb i Stockholm. Zlatan er fødd og oppvaksen i Malmö, der han også starta fotballkarriera si.

Aktiviistar blokkerer eit shopping-senter i Paris. På bannereret står det: “La oss brenne kapitslismen, ikkje olje.”. Foto: AP Photo/Thibault Camus)

Black Friday

I år har også me i Noreg «feira» Black Friday i 10 år. Handelsstanden har i alle fall kunne feira, med rekordomsetjing år etter år. Med klimakrisa hengande over oss er det likevel fleire og fleire som protesterer mot kjøpefesten.
På biletetet ser me aktivistar i Paris. På plakaten står det “La oss brenne kapitalismen, ikkje olje”.