Butter og Bread bur på hotell og har eigen pressekonferanse – kva er greia med thanksgivingkalkunane?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag vil eg utsteda ei benåding av eit par veldig kjekke fuglar: Butter og hans avløysar, Bread. Namna deira vart valt av studentar ved Harrells Christian Academy i North Carolina – super stat.

Det sa president Donald Trump under den årlege seremonien før den amerikanske thanksgivingfeiringa, der to kalkunar vert sett i nåde og får livet i gåve.

Butter og Bread unngjekk med det å bli hovudrett på presidenten sitt Thanksgiving-bord. Den årlege seremonien vart direktesendt frå Det kvite hus tysdag.

Før seremonien hadde kalkunane budd på hotell og vore stjernene under ein pressekonferanse på Willard InterContinental Hotel der pressa fekk «Meet the presidential turkeys!».

Tad Lincoln og kalkunen

Årets hovudkalkunar var, tradisjonen tru, ei gåve frå The National Turkey Federation, som sjølvsagt var representert under seremonien.

– Det vert sagt at Abraham Lincoln var den første som sparte livet til ein thanksgiving-kalkun, på oppmoding frå sonen sin, sa Trump i talen sin.

Korleis tradisjonen vart til er ikkje heilt klart, men ifølgje Det kvite huset kan den første hendinga der ein kalkun får nåde, sporast tilbake til Lincoln sin julemiddag i 1863. Det ser ut til at kalkunen fekk nåde på oppmoding frå sonen Tad, men at dyret den gong stod i fare for å bli julemiddag.

President Harry S. Truman tek imot kalkunen Bronze frå kalkunindustrien i 1949. Foto: Abbie Rowe, U.S. National Park Service

Trump viser vidare til president Harry S. Truman, som i 1947 tok imot den første thanksgivingkalkunen frå den første leiaren i The National Turkey Federation.

Det har vist seg å vere ei velplassert gåve, sidan heile verda følgjer med når den amerikanske presidenten spøkefullt skal sjå i nåde ein kalkun.

Donald Trump var så imponert over den kvitbrysta hannkalkunen Butter at han avbryt historietimen for å rosa fuglen:

– I årtia som fulgte ville presidentar frå Reagan til Kennedy vise nåde – Sjå! Wow, det er ein sterk fugl – til sine fuglar. Men det var George W. Bush som første gong utstedte ei offisiell benåding, fortalde Trump vidare.

Ifølgje Wikipedia var Charlie den første kalkunen som vart sett i nåde av ein amerikansk president. Her er Ronald Reagan avbilda under hendinga i 1987. Foto: Det kvite huset

46 millionar kalkunar

Bush den yngre gjorde tradisjonen offisiell i 1989, men både Kennedy og Reagan hadde gjeve nåde til fuglar før han.

Ifølgje The Independent reknar ein med at kring 46 millionar kalkunar går med til den årlege thanksgivingfeiringa. Den amerikanske thanksgivingfeiringa, som på norsk er takksigelsesdag, er ei familiehøgtid som vert feira fjerde torsdagen i november.

Før vart kalkunane gjerne sendt til ein gard eller dyrehage for å leva livets gladet dager etter å ha berga seg gjennom thanksgivinghelga, medan dei no sendt til eit universitet som forskar på agrikultur og dyrehald.

Den 18 kilo tunge Peas frå Huron, South Dakota, vart gjeve nåde av president Donald Trump i fjor og lever framleis. Foto: Det kvite huset

Peas og Carrots sin nye heim

Dei siste åra har kalkunane Peas og Carrots, Drumstick og Wishbone, Tater og Tot alle blitt sendt til Gobblers rest ved Virginia Tech. Fjorårskalkunane Peas og Carrots er dei einaste som framleis lever, då dei fire andre har døydd av naturlege årsaker, melder universitetet på sine nettsider.

Thanksgivingkalkunane vert store stjerner. Frå 1. desember tek dei imot besøkande i sin nye heim, i tillegg til at dei er på alle sosiale medier under emneknaggen #presidentialturkeys.

Men kalkunsirkuset er ikkje det villaste som har skjedd rundt Det kvite huset rundt thanksgiving.

Førstedame Grace Coolidge med vaskebjørnen Rebecca. Foto: United States Library of Congress’s Prints and Photographs division

Rebecca Racoon

The Washington Post skriv om president Calvin Coolidge, som i 1926 fekk ein vaskebjørn i gåve til thanksgiving-middagen.

Han var ikkje så gira på vaskebjørnkjøt, så dyret vart både gitt nåde og adoptert av presidentfamilien Coolidge. Rebecca var ein ekte vaskebjørn som likte å sitja i badekaret og leike med såpe.

Ho reiste rundt med familien og var med på den tradisjonelle påskeeggjakta utfor Det kvite huset, men då familien flytta ut av huset i 1929 fekk Rebecca plass i ein dyrehage.

The Daily Mirror melder at kvinna på bakken er Ada Wright, medan andre kjelder hevdar det er Ernestine Mills og ektemannen doktor Herbert Mills, som òg støtta saka. Foto: The Daily Mirror, Wikimedia Commons