Nær halvparten av dei spurte er positive til å få noko brukt til jul, ifølgje ei ny undersøking.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile 44 prosent, nær halvparten av dei spurte, seier dei er positive til å få ei brukt julegåve. Det er en økning på åtte prosent fra i fjor.

Undersøkinga er gjort av Opinion for Finn.no. Det er NRK som melder dette.

Lengre levetid

Kathrine Opshaug Bakke, er produktdirektør for FINN-torget. Ho trur tror miljø- og klimaengasjement er ei viktig årsak til at fleire enn tidlegare er positive til å få brukte gåver.

– Ei brukt julegåve er ei berekraftig løysing, fordi det sikrar lengre levetid på produkt som ofte er like gode som nye.

Silje Lundberg, leiar i Naturvernforbundet meiner også at brukt er godt.

– Då finn ein kanskje gåver med høgare kvalitet, seier ho og nemner særleg barneleker i tre.

Avtal på førehand

Leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, trur det er lettast å gi brukt til barn og at det framleis er litt tabu å gi brukt til vaksne. Ho oppmodar difor til å snakka med kvarandre før jul.

– Dersom ein har ei avtale på førehand, veit ein at fleire er opne for å få slike gåver. Då er det også kanskje enklare å kjøpe det.