Slik skal norske universitet og høgskular konkurrere om å verte grønnast

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). Foto: Marte Garmann/Stortinget

– Universiteta og høgskulane veit mest om miljø- og klimaendringane og korleis vi skal nedkjempe dei. Då må vi leve som vi lærer, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Ministeren dreg difor i gong ein konkurranse mellom norske universitet og høgskular: Kven klarar vere grønast?

Grønt, gult eller raudt kort?

Utdanningsinstitusjonane skal måle og rapportere inn etter åtte ulike kategoriar, som føreslått av ein rapport Kunnskapsdepartementet har bestilt.

  1. Reiser: Flyreiser og reiser til og frå arbeid og studier – di færre flyreiser, di betre! Brukar dei tilsette kollektivtransport til jobb?
  2. Avfall: Kor mykje avfall produserer institusjonen? Både frå dagleg drift og byggeprosjekt.
  3. Innkjøp og anskaffing: Har institusjonen tiltak for å redusere forbruk? Kva vurderingar vert gjort når ein kjøper IT-utstyr, møbler, papir og anna materiell?
  4. Mat og servering: Kor mykje raudt kjøt vert kjøpt, og kor mykje mat kasta? Kutt i matsvinnet, og erstatt animalske produkt med planteprodukt, tilrår rapporten.
  5. Vassforbruk: Kor mykje vatn brukar institusjonen eigentleg?
  6. Bygg- og materialbruk 
  7. Energibruk: Kor mykje energi vert brukt, og kan institusjonen produsere noko av det sjølv?
  8. Økologi: Kor mykje insektsveneleg grøntområde er det på campus?

Universiteta og høgskulane får så grønt, gult eller raudt kort innanfor dei ulike kategoriane, alt etter kor miljøvenleg dei driv.

– Målet er å vise fram sektoren sitt miljø- og klimaavtrykk og få fart på omstillinga, seier Nybø.

Stort potensial

Konkurransen vert sparka i gang på nyåret, og endå det er frivillig å delta, så håpar Nybø universiteta og høgskulane bit på agnet.

Ministeren poengterer at sektoren for høgare utdanning er utruleg stor, og at potensialet difor er tilsvarande:

– Klimatiltak her vil ha stor effekt og betydning.

Illustrasjonsfoto av fly: Unsplash.com. Skjermdump frå Finn.no