Coldplay nektar å turnere før det vert miljøvenleg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi tek oss tid det neste året eller to, for å finne ut korleis turneen vår kan ikkje berre vere berekraftig, men korleis kan den vere aktivt gunstig? seier frontmann Chris Martin til BBC.

Fredag kjem Coldplay sitt åttande studioalbum Everyday Life, men dersom du vil sjå den nye musikken framført har du berre to val – du lyt anten reise til Jordan eller du lyt følgje med på YouTube.

I eit intervju med BBC melder bandet nemleg at dei ikkje vil turnere på grunn av dei enorme miljøkostnadane ved å reise verda rundt for å spele til fans.

Coldplay kjem difor til å spele berre to konsertar, begge i Amman i Jordan, som vert strøyma på YouTube.

Sjå intervjuet med Chris Martin her: 

Skuffa om den ikkje er karbonnøytral

Årets turnénekt står i sterk kontrast til førre gong Coldplay la ut på turné i 2016 og 2017, då for å promotere albumet A Head Full of Dreams. 

BBC melder at Coldplay i løpet av to år heldt 122 konsertar og opptrådde på fem kontinent. Med over 100 personar i turnémannskapen, og fleirfaldige lastebilar og bussar på slep, vert klimaavtrykket høgt. Endå høgare vert det dersom ein tek med utsleppa frå reiseaktiviteten til folkehavet som er publikum.

Neste gong bandet legg ut på turné, er ambisjonen difor at det vert ein langt lågare klimakostnad:

– Vi vil verte skuffa om det ikkje er karbonnøytralt, seier Martin.

Frontmannen fortel BBC at det største hinderet for Coldplay sin del er flyreiser, men at bandet drøymer om eit show utan eingongsplast og som er hovudsakleg drive av solenergi.

Gode føredøme

– Det er fantastisk å sjå at verdskjende artistar står fram for å beskytte planeten, seier Gareth Redmond-King til BBC.

Han er sjef for klimaendringsseksjonen i det britiske WWF. Redmond-King understrekar at alle har eit ansvar for å vere gode føredøme i møte med klimakrisa.

Britiske Coldplay er ikkje åleine om å ta omsyn til klima, også her til lands går artistar i bresjen for ein meir miljøvenleg musikkbransje.

Før Øya-festivalen i sommar signerte ei rekkje profilerte artistar – som Sigrid, Sondre Justad og Unge Ferrari – ein såkalla grøn rider, som innebar at dei stilte miljøkrav til konsert- og festivalarrangørar. 

Samstundes har Astrid S nyleg lagt ut på ein klimanøytral turné. Den norske artisten kjøper klimakvoter for å kompensere for utslepp, samstundes som ho tek ei rekkje grep i turnékvardagen, deriblant å prioritere busstransport, oppmode til å ete vegetarisk og ha berekraftig merch.