Paris har fått sin første «grøne» gravplass

Metropolen Paris har sett seg som mål å verte karbonnøytral innan 2050 og tek alle midlar i bruk. Er grøne gravferder framtida?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Paris har byen fått sin første «grøne» gravplass, melder nettstaden CityLab.

Den nye gravplassen er ein del av den allereie eksisterande gravplassen Ivry-sur-Seine, som ligg i eit forstadsområde kring fem kilometer frå bykjernen.

Gravplassen er om lag 1600 kvadratmeter stor og skal romme 150 graver.

Trestøtte framfor stein

Alle som vert gravlagt på området må balsamerast og gravleggjast i klede av naturfiber. Kister eller urner må sjølvsagt vera av nedbrytbart materiale, som papp eller ubehandla lokalprodusert tre.

I tillegg er steinstøttene erstatta av enklare minnesmerke av tre.

Allereie i 2015 tok storbyen grep og innførte eit forbod mot sprøytemidlar på alle sine gravplassar.

I den norske gravferdslova heiter det gravferda skal ta omsyn til naturen og miljøet. Både kister og urner er må difor vera fullstendig nedbrytbare, utan skruer eller giftig måling.

Kremering er litt meir miljøvenleg enn ei vanleg gravlegging, men bidreg til klimagassutslepp.

Frysetørring og sopp

I 2017 skreiv Vårt Land at over hundre nordmenn stod i kø for å verte frysetørka i Sverige etter sin død. Den svenskutvikla prosessen vert ifølgje NRK kalla promesjon og inneber at kroppen vert kjølt ned til 196 minusgrader ved hjelp av flytande nitrogen. Deretter vert den iskalde kroppen rista til pulver i ei maskin og frysetørka.

Men det er ikkje den einaste nye, alternative gravleggingsmetoden der ute. Då «Beverly Hills 90210»-stjerna Luke Perry døydde brått tidlegare i år fortalde dottera på Instagram at faren gjerne ville gravleggjast i ei «soppdrakt».

 

Se dette innlegget på Instagram

 

?In December I went to San Francisco with two of my best friends. One of them, had never never been to California, so we went to show him the Redwoods. I took this picture while we were there, because i thought, “damn, those mushrooms are beautiful.” Now, mushrooms hold an entirely new meaning for me. Any explanation i give will not do justice to the genius that is the mushroom burial suit, but it is essentially an eco friendly burial option via mushrooms. All i can say is that you should all look into them at coeio.com or just by googling “mushroom burial suit” . My dad discovered it, and was more excited by this than I have ever seen him. He was buried in this suit, one of his final wishes. They are truly a beautiful thing for this beautiful planet, and I want to share it with all of you.

Et innlegg delt av Sophie Perry (@lemonperry)

Soppdrakta Luke Perry vart gravlagd i er utvikla av kunstnaren Jae Rhim Lee og vert ført av selskapet Coeio. Drakta er laga av 100 prosent nedbrytbart materiale og har sydd inn soppsporar. Desse bryt ned kroppen på ein måte som skal føra til at færre giftstoff vert frigitt, enn ved ei tradisjonell gravlegging.

På Vimeo kan du sjå dokumentaren Suiting Dennis, om den første kunden:

Menneskeleg kompost

Frankrike er nemleg ikkje einaste stad som satsar på grøne gravferder. Tidlegare i år vart staten Washington den første amerikanske staten til å opna for å «kompostera menneske».

Prosessen vert kalla «natural organic reduction» og skal gjera kroppar om til jord i løpet av nokre veker.

Frå og med 1. mai 2020 kan innbyggjarar i staten velja å anten bli kompostert eller omgjort til væske etter sin død, i tillegg til dei meir tradisjonelle metodane med gravlegging og kremering.

Flytande kremasjon er ein flammelaus prosess der legemet vert lagt i lut og brote ned til flytande væske, noko som er meir miljøvennleg enn kremering.

Ifølgje Washington Post slepp ei kremering ut rund 18 kg CO2 og at det trengs om lag 113 liter brensel for å gjennomføra prosessen.

Gründer og dagleg leiar i bedrifta Recompose, Katrina Spade, viser fram ein prøve av ei kompostert ku (til venstre) og brensel som er brukt i prosessen (til høgre) Foto: AP/Elaine Thompson