Korleis er det å vera mannemenneske anno 2018?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det overraska meg ikkje at dei er samansette menneske, men eg synest det var skuffande at det framleis var såpass mykje kulturelt betinga knytt til korleis og kva òg dei yngste tenkte dei kunne gjere og ikkje gjere, seier Brit Aksnes.

Les også: Fotball: «Berre for ekte menn?»

Omslag: Pelikan Forlag

Ikkje ei metoo-bok

Ho starta arbeidet med Mannemenneske. Menn om livet, sex og forhold berre nokre månader før dei første metoo-avsløringane slo ned som ei bombe i det amerikanske samfunnet for eitt år sidan. Men sjølv om timinga for boka er god, er det slett ikkje ei metoo-bok.

– Det er ikkje ei bok som peikar på slemme menn, understrekar forfattaren.

– Korleis trur du metoo-avsløringane har påverka intervjua?

– Det er vanskeleg å seie. Eg håpar mennene var ærlege og ikkje let seg påverka, men det er sjølvsagt mange som har gått i tenkeboksen og tenkt over kva som kjennest riktig å seia. Dei verkar på ein måte veldig reflekterte og korrekte kring eigne feiltrinn, svarar Aksnes.

Forfattaren har oppsøkt menn over heile landet og intervjua 23 ulike menn i alderen 17 til 80 år. Prosjektet er ei vidareføring av radioserien «Mannfolk» som Aksnes laga for NRK P2-programmet Ekko.

Omslag: Pelikan Forlag

Omslag: Pelikan Forlag

Farsrolla anno 2018

Prosjektet kjem førti år etter at journalist og forfattar Åshild Ulstrup gav ut boka Menn og elskere – kjærlighetens lykke og ulykke. Denne boka har vore både inspirasjon og kjeldematerial for Aksnes, som trekk inn utdrag frå Ulstrup sine intervju.

Den gong var konteksten ei veksande feministbølgje og store lovendringar. Både lov om sjølvbestemt abort og likestillingslova kom i 1978.

Aksnes er ikkje i tvil om kva som er den største endringa i mannsrolla dei siste førti åra:

– Farsrolla. Det er heilt innlysande. På 70-talet vert du uglesett om du trilla rundt på barnevogn, medan du i dag vert uglesett om du ikkje gjer det, seier Aksnes.

Eg trivst med å få vere ein meir tradisjonell mann

Dei eldre mennene i boka er positive til endringane, medan den nye rolla verkar så openberr for dei yngre at dei ikkje skjønar at det er eit spørsmål.

Det er likevel ikkje alle som synest farsrolla er så enkel. Til dømes Tor Anders (31).

«Eg har aldri heilt greidd å vere den moderne faren som du helst skal vere i dag. At vi skal ha like mykje permisjon og vere like mykje heime og trille vogn og sånn, det får eg ikkje til, trur eg. Det er jo frå eit egoistisk perspektiv, men eg trivst med å få vere ein meir tradisjonell mann.»

Les innlegget: La pappa vere pappa!

Sinte, unge menn

Ein ny samfunnsstruktur har òg gitt rom for ei ny mannsrolle. I forordet trekk Aksnes fram incel-rørsla, sinte unge menn som hemnar seg på kvinner gjennom valds- eller terrorhandlingar fordi dei lever i ufrivillig sølibat (involuntary celibates). Det har òg dukka opp ein debatt om den ufrivillig barnlause mannen som vert nedprioritert for meir attraktive menn som får barnekull nummer to med ny partnar.

Forfattaren sjølv vert forundra over desse mennene som vert framstilt som taparar.

– For første gong i historia så går høgare utdanning i favør damene. Då vert det ramaskrik og det er ikkje måte på kor synd det er i desse mennene. Ein skal passe seg for å angripe dei, for det er ikkje måte på kor skjøre dei er. Det er vel ingen som vil bli framstilt slik? seier Aksnes.

Eg trur menn går rundt som tikkande bomber, vi må ikkje vere for mykje i kontakt med følelsane våre

Ho stiller seg spørsmålet kven desse sinte unge mennene faktisk er og skulle ynskje ho kunne fått ein klassisk sint ung mann i tale. Forfattaren er oppteken av at om ein skal koma fram til ei løysing, må ein vete kva som ligg til grunn for sinnet.

Les innlegget: Den sinte mannen er død

«EG er jo ein mediocre white man»

Tor Anders (31) tykkjer menn får ufortent mykje tyn for at dei ikkje deler tankane sine.

«Jenter har ein slik enorm kapasitet til å både vere i kontakt med følelsane sine og leve ein ok kvardag. Eg trur menn går rundt som tikkande bomber, vi må ikkje vere for mykje i kontakt med følelsane våre, for då greier vi ikkje å jobbe, eller ta oss av dei tinga vi skal ta oss av.»

31-åringen fortel òg korleis han irriterer seg over ei venninne som går rundt med ei t-skjorte det står «Act with the confidence of a mediocre white man» på.

«Det irriterer meg jævlig. EG er jo ein mediocre white man, men det kan eg jo faen ikkje noko for! Kanskje eg kjenner meg litt treft av kritikken, men skal eg stå til rette for alt gjennomsnittlege kvite menn har gjort opp gjennom historia, så har eg ganske mykje å svare for. Og det er lite produktivt. Ver glad i den middelmåtige kvite mannen, prøv heller å opplyse han om dei andre tinga du meiner er bra, seier eg til henne.»

Les også: – Menn må våge å grine framfor andre

Eg er ikkje så veldig opptatt av sex liksom. Eg har kanskje sett porno to gonger

Sex og porno

Når det kjem til deira forhold til sex og kvinner er historiene like ulike som mennene. Nokre har stor sexlyst og fortel gjerne om erobringar til både Aksnes og «gutta». Nokre fortel om utruskap, andre ventar til ekteskapet. Nokre er veldig opptatt av sex, andre ikkje.

Som Adrian (17) ein heilt vanleg tenåring:

«Eg er ikkje så veldig opptatt av sex liksom. Eg har kanskje sett porno to gonger, det er berre ikkje så interessant. Om eg vil få utløysing, så tenker eg på ting. Eg treng ikkje masturbere, men berre liksom halde handa der nede og så sjå for meg noko. Men det er ikkje kvar dag, det er det ikkje».

Forfattaren vart litt overraska over at såpass mange fortalte at sex ikkje var så veldig viktig og nokre følte seg til og med misforstått, når dei berre ville ha klem og kos.

Les også: Tinder: «Kva tid grein du sist?»

«Grinerunkar»

Aksnes trur difor ikkje det er grunn til å oppretthalde «sexdyrmyten» om menn, men har inntrykk av at menn onanerer og ser på porno oftare enn kvinner.

For nokre er dette heilt uproblematisk, men fleire uttrykte skamkjensle.

– Det dei fortalte var at dei ikkje såg på porno der ikkje dama har det bra. Eg følte dei var ærlege, men det kan godt tenkjast at dei ikkje fortalte meg alle sine inste, skitne fantasiar, seier Aksnes.

«Med ein gong menn snakkar om sex, så blir det grovt og perverst, liksom», fortel Kasper (23).

Han fortel om skam knytt til eigen seksualitet:

«…viss eg ser ein video, så er det sånn at når eg er ferdig, så ser eg på skjermen og så tenker eg «kva fader er det eg ser på, det er disgusting, liksom». Det har eg snakka med eit par av dei andre gutta om, og det er fleire som tenker sånn, at det er litt skamfullt. Du har jo det ordet grinerunkar, liksom. Det er ganske stygt, men det er eit omgrep brukt av mange. Det å grinerunke – du har ikkje noko grinemasturbere for jenter liksom – då blir det sånn «den stusslege, perverse mannen», det med å grinerunke, sant, du får eit veldig bokstaveleg bilde av kva det vil seie».

Les innlegget: Snakk høgare om porno!

Ulike sosiale kodar

Når det kjem til forholdet til det motsette kjønn, verkar det som om fleire oppfører seg annleis rundt kvinner enn menn. 17-åringen fortel mellom anna at han er meir komfortabel blant gutekompisane, fordi han føler det er ein større risiko for å bli dømt eller hengt ut når han snakkar med jenter.

– Det verkar ikkje som dette er ei metoo-greie, men heller forskjellar i dei sosiale kodane om korleis ein forheld seg til menn og damer. Ein har ein anna lingo med sitt eige kjønn, seier Aksnes.m

Brit Aksnes (f. 1977)

  • Frå Norheimsund i Hardanger og no busett i Bergen.
  • Har bachelorgrad i Publishing frå London Universities of the Arts og grunnfag bibliotekar frå Oslo Met
  • Jobbar som kulturfrilansar og skriv filmmeldingar for Dag og Tid etter fleire år i forlagsbransjen
  • Mannemenneske. Menn om livet, sex og forhold er hennar debutbok